Hopp til innhold

- Birkedal følgde alltid unge fulle gutar heim

– Alle i FpU såg opp til Birkedal. Det var nærmast som ei sekt, der ingen sette spørjeteikn med han. Eg var utruleg glad for at han i det heile tatt ville snakka med meg, fortalte 18-åringen som hevdar at Birkedal forgreip seg på han.

Birkedal-rettssak

Trond Birkedal (t.h.), høyrer på fornærma som forklarer seg om eit seksuelt overgrep som skal ha skjedd for fire år sidan.

Foto: Tegning: Ingrid Haukelidsæter

I retten i dag måtte Birkedal høyra den første fornærma forklara seg for dommaren. Dette var 18-åringen som er fornærma i det mest alvorlege tiltalepunktet mot Birkedal, altså seksuelt overgrep av barn under 16 år.

– Då saka kom opp i media var det som om at det nett hadde skjedd, alle kjenslene strøyma på og eg var viss på at det var snakk om Birkedal før namnet hans blei kjent, fortalte 18-åringen som hevdar at Birkedal forgreip seg på han på eit hotell i Oslo i 2008, då var fornærma 15 år gamal.

Overgrepet skal ha skjedd på utanlandsreise

Arvid Sjødin i intervju med TV2

Birkedals advokat, Arvid Sjødin.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

15-åringen fortalte at han kom til Oslo frå ein utanlandsreise i samanheng med sommarleiren til FpU. Saman med nokre kameratar hadde han drukke sprit. Utpå kvelden skal han ha tatt kontakt med Birkedal som han visste var i byen.

Deretter gjekk turen til hotellrommet til Birkedal, kor overgrepet skal ha skjedd. Begge er samde om at dei var i lag på hotellrommet, men ikkje samde om kva som skjedde.

– Det byrja med at Birkedal ville massera meg, eg tenkte at det var litt rart, men tenkte ikkje meir på det. Etter kvart kryssa han den intime sona mi, fortalte han i retten.

Massasjen skal ha enda opp i eit seksuelt overgrep som juridisk sett blir definert som samleie.

– Alle i FpU såg opp til Birkedal

Første kontakt mellom dei to skal ha skjedd då fornærma var tretten. Etter dette skal Birkedal ha ringt til han, og dei skal ha hatt telefonsamtalar på fleire timar.

Aktor Karsten Monsen spurte guten om kvifor han hadde kontakt med Birkedal.

– Alle i FpU såg opp til Birkedal. Det var nærmast som ei sekt, der ingen sette spørjeteikn med han. Eg var utruleg glad for at han i det heile tatt ville snakka med meg.

Gjekk til leiinga i FpU eit år etter

Trond Birkedal i retten

Trond Birkedal i retten.

Foto: Tegning: Ingrid Haukelidsæter

Etter overgrepet tok fornærma kontakt med ei veninne på MSN, og fortalte om det som hadde skjedd.

– Me snakka om at det var kjent at Birkedal alltid følgde unge fulle gutar heim på ulike treff med partiet, forklarte 18-åringen.

Dei fant dette påfallande, og eit år seinare gjekk dei til leiinga i FpU med det. Det skulle bli tatt vidare, men 18-åringen hevdar at han aldri høyrde noko meir om saka før ho kom opp i media.

– Eg kjenner meg svikta. Det er forkasteleg at eg ikkje har høyrt noko frå leiinga når eg som mindreårig fortel om eit overgrep, seier han.

Berre ein meter unna 18-åringen sat Trond Birkedal og høyrde på. Han nektar for at dette har skjedd slik det blir forklart, og skal forklara seg seinare i rettssaka.

(Artikkelen held fram under tidslinja)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innrømmer det aller meste

Dommar Bjørn Enoksen-Ristesund

Dommar Bjørn Enoksen-Ristesund

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I dag klokka ni starta rettssaka mot tidlegare Frp-politikar Trond Birkedal i Stavanger tingrett. Birkedal står mellom anna tiltalt for seksuelt overgrep av ein femten år gamal gut i 2008.

Birkedal opna i retten med å sei at han nekta for seksuelt overgrep, og for seksuell handling mot barn under 16 år. Elles innrømmer han det aller meste, utanom å ha villeia ein person til å kle av seg framføre eit webkamera.

Rettssaka byrja med at dommar Bjørn Enoksen Ristesund las opp tiltalen. Medan Birkedal stod oppreist og sa seg skuldig eller ikkje skuldig.

Vil krevja erstatning

Bistandsadvokat Hege Salomon sa at ho kom til å krevja erstatning frå Trond Birkedal til klientane sine. 150.000 kroner til mannen som i 15-års alderen skal ha blitt utsett for seksuelt overgrep av Birkedal.

I tillegg til 50.000 kroner til Martin Bratland Andersen som i ung alder skal ha blitt utsett for seksuell handling av Birkedal.

– Eg er djupt ueinig i at det skal bli gitt erstatning i saka om seksuell handling, var svaret frå Arvid Sjødin.

Skal bruka blogg som bevis


Etter bistandsadvokaten og aktor hadde spurt ut den fornærma, var det Arvid Sjødin, forsvararen til Birkedal, sin tur.

Når det kjem til det mest alvorlege punktet som går på seksuelt overgrep, meiner han det vil vera relevant å sjå på fornærma sine tidlegare seksuelle erfaringar.

Sjødin brukte mykje av tida si til å visa til ein blogg 18-åringen tidlegare har hatt. Her har det blitt skrive utadvendt om intime tema:

– I bloggen har du skrive om korleis det er å vera ekshibisjonist og nymfoman, sa Sjødin til den fornærma.

– Det står mykje tull og ironi i bloggen. Det forstår folk med litt intelligens, var svaret han fekk.

Sprikande forklaringar

Sjødin la også mykje vekt på å få vita om Vanebo, leiar i FpU, hadde fått kjennskap til det som skulle ha skjedd gjennom fornærma sjølv. Fornærma nekta for å ha snakka med Vanebo om dette. Men når eit nytt vitne blei kalla inn, ei veninne av fornærma, kom ho med sprikande forklaring.

– Eg arrangerte eit møte med Vanebo på sommarleiren i 2009, forklarte ho i retten.

– Kvifor seier fornærma at dette ikkje skjedde?

– Det veit eg ikkje, var svaret frå vitne, som ikkje likte måten Sjødin gjekk fram på i avhøyret sitt.