– Det stemmer at eg skal vitna i Birkedal-saka, seier sexolog og psykolog Thore Langfeldt til NRK.no.
- Alt om Birkedal-saka
- Nett-TV:
Det er Arvid Sjødin som har ønskt seg Langfeldt som sakkunnig vitne i saka der Trond Birkedal mellom anna er tiltalt for seksuelt overgrep mot ein 15 år gamal gut i 2008.
Birkedal nektar for overgrepet, men har innrømma at han har snikfilma fleire unge menn på badet sitt, og at han har lokka gutar til å visa seg fram nakne på nette ved bruk av sin falske nettidentitet «Mona».
Maskuline homofile
I bladet Plot stod Birkedal i oktober fram som homofil. Der hevda han at han aldri ville gjort det han gjorde om han hadde vore open om legninga si.
- Les òg:
Langfeldt er kalla inn for å snakka om det han kallar for maskuline homofile i forhold til feminine homofile.
Han meiner at maskuline homofile ofte er dei som må skjula sin homofile identitet, og at dei derfor i vaksen alder kan har lettare for å gjera det han kallar for «rare» ting.
I ein artikkel han har skrive om emnet i Tidsskrift for norsk psykologiforeining, skriv han at gutar som ikkje framstår som feminine i barneåra ikkje blir identifiserte som homofile. Og at dei derfor blir ei ekstra sårbar gruppe, med ein viss fare for seksuelle overgrep i framtida.
– I mitt arbeid er det dei som har forgripe seg på barn eg har snakka med. Men dei same mekanismane kan også føra til mildare ting, som at ein til dømes filmar nakne gutar, seier han.
– Ser du på Trond Birkedal som ein maskulin homofil?
– Ja, hadde han vore feminin homofil ville han ha blitt blinka ut som homofil i yngre alder.
Relevant for straffeutmålinga
Arvid Sjødin seier at Langfeldt sitt innslag er relevant for straffeutmålinga i saka:
– Eg vil ha fram kor vanleg det er at det kan oppstå bisarre situasjonar når ein har ein undertrykt seksualitet. Eg vil også ha kva moglegheit ein har til å avdekka sin eigen undertrykte seksualitet.
– Det vil jo vera relevant for straffeutmålinga å vita om handlingane kjem med bakgrunn i dette, eller om det skulle vera snakk om eit «forbrytersk sinnelag», seier Sjødin til NRK.no.