– Eg sat med negative tankar og hadde det vondt med å eksistere. Samtidig fekk eg krav til «ikkje møtt time». At det gjorde alt anna enn å hjelpe meg, er det ingen tvil om, seier Ole Johan Rosenstrøm.
For nokre år sidan var han i ei livskrise. Han vart deprimert og fungerte ikkje i det daglege. Dette gjorde også at han hadde dårleg økonomi.
Ofte gjorde depresjonen at han ikkje klarte å møte opp til legetime.
– Det ville vore ei belastning for meg å dra dit, men då blir ein straffa for det, straffa for at man er sjuk.
Rosenstrøm er ikkje aleine. Gebyr for å ikkje møte til legetime kan nemleg gjere kronisk sjuke endå sjukare.
Det skriv Staten sin undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom) i ein ny rapport.
Dei meiner slike gebyr rammar ujamt og truar pasienttryggleiken.
– I stor grad rammar det kronikarar som kanskje ikkje har evne eller funksjon til å møte til timar som planlagd. Det rammar også dei som ikkje har evne til å styre personleg økonomi, og so får ein store utgifter knytt til helsehjelpa, seier Ukom-direktør Pål Iden.
Gebyr gjer vondt verre
Møter du ikkje opp til ein time på sjukehuset, kan du få eit gebyr på 1125 kroner. Var timen poliklinisk innan psykiatri eller rusbehandling, er maksbeløpet 375 kroner.
Om du ikkje klarar å betale, kan gebyret gå til inkasso og auke endå meir.
Og ingenting av dette er dekka av frikortordninga, som skal sørge for at helsehjelp i Noreg ikkje vert for dyr for folk.
– Då vert det kanskje so dyrt at folk ikkje møter til planlagt behandling, og det er urovekkande, seier Iden.
Ukom meiner rekningar og krav kan hope seg opp og skape endå meir problem for ein som allereie er sjuk.
– Det finst ei ganske stor gruppe pasientar som ikkje klarar å betene personleg økonomi. Dette er kanskje også gruppa som har størst behov for helsehjelp, og som gjerne fell utanfor systema, seier direktøren.
I verste fall går liv med
Bakgrunnen for rapporten til Ukom var ei bekymringsmelding sendt av ei mor. Son hennar hadde teke livet av seg nokre år tidlegare. I sjølvmordsbrevet skreiv sonen at han ynskja å leve, men ikkje orka meir.
At han hadde problem med å betale rekningar var kjend for fleire behandlarar, og dei visste at det var medverkande til at han kjende skam og mangla livslyst.
Etter sonen døydde oppdaga mora store mengder ubetalte rekningar, purringar og inkassovarsel frå helsetenesta der han hadde blitt behandla for mellom anna depresjon.
Iden seier dømet rapporten nyttar er ekstremt, der krav frå helsetenesta var medverkande til at ein person tok sitt eige liv.
– Men eg trur den er veldig attkjenneleg for ei ganske stor gruppe pasientar som slit med psykiske plager og kronisk sjukdom. Å både betale for å kome på sjukehus og når ein ikkje møter er ei meirbelasting som fører til at ein faktisk trekk seg frå den naudsynte helsehjelpa, seier han.
Usikker effekt
Ukom meiner altso at gebyrordninga truar pasienttryggleiken, og at ein bør evaluere den. Også fordi ein ikkje veit om gebyra har nokon effekt.
– Vi veit faktisk ikkje om dette får fleire til å møte opp til time, seier Iden.
2019 er det siste året ein har tal frå. Då vart nær 375.000 timar registrerte som «ikkje møtt». Mellom 20 og 50 prosent av pasientane er gjengangarar og får gebyr fleire gongar.
Iden meiner helseføretak bør ta det at ein pasient ikkje møter til ein time som eit signal på at hen treng ekstra tiltak og oppfølging, ikkje berre sende av garde eit gebyr.
Regjeringa vil sjå på ordninga
Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) i Helse og omsorgsdepartementet seier at dei no ska gå gjennom ordninga.
– UKOMs rapport set søkjelyset på eit viktig forhold. Eg vil sørgje for at ordninga med gebyr for pasientar som ikkje møte til avtalt time, blir gjennomgått. Eventuelle endringar i ordninga må vurderast i etterkant av dette, seier statssekretæren, som samstundes peiker på at pasientar som ikkje møte til avtalt time, gjer ventetida lengre for andre.