Hopp til innhold

Mann (44), mann (69), mann (42), mann (20), mann (41), mann (27)

I Sokndal er ingen av ordførarkandidatane kvinner, og på listene går det to og ein halv mann på kvar dame. Verst er Framstegspartiet, som har «prøvd veldig hardt å få dame, men det gjekk ikkje».

Ordførarkandidatane i Sokndal, bakgrunnen er frå kjærleiksveka

ORDFØRARKANDIDATANE I SOKNDAL: Øvst frå venstre: Frank Toks (Ap), Nils Svein Rosland (H), Trond Arne Pedersen (sitjande ordførar, KrF), Aleksander Egeli (Frp), Alt Torstein Pettersen (Sp) og Christer Bu Mathiesen (V)

Foto: Helge Sørvåg/Gunnvor B. Krone / kollasj

Vallogo

Dei siste fire åra har det berre vore fire kvinner av 21 representantar i kommunestyret i Sokndal. Listeverstingen er Framstegspartiet, der ingen av dei åtte kandidatane er kvinner.

Me har prøvd veldig hardt å få damer, men det gjekk ikkje

Aleksander Egeli

Dør til dør utan hell

– Me spurte mange, mange damer, men ingen var interesserte i å stå på lista. Sist hadde me damer som stod høgt oppe, men dei fekk ikkje nok kryss (kumulasjon, red.anm.), så det er nesten ingen som har vore aktive dei siste fire åra, diverre, seier listetopp og ordførarkandidat Aleksander Egeli (Frp).

Han trur det har vore avgjerande at ingen vart valt inn førre val, og at då blir dørstokken ekstra høg for første kvinne til å melda seg. Dei har gått dør til dør i jakta på kvinnelege kompanjongar, utan å ha hellet med seg.

– Ja, me har spurt mange som truleg har vore veldig raude politisk, så me har nesten fått eit slag i trynet, seier han med glimt i auget.

Me har prøvd veldig hardt å få damer, men det gjekk ikkje.

Aleksander Egeli, Bente Karin Egeland Støle og Therese Anita Holmen

EIT UVANLEG SYN I SOKNDAL: Det er ikkje ofte ein ser fleire kvinnelege enn mannlege politikarar i same biletet frå sokndalspolitikken, men her får du nettopp det! Frå venstre: Aleksander Egeli (Frp), Bente Karin Egeland Støle og Therese Anita Holmen (begge Ap).

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Blir flau på vegner av Sokndal

Av dei 92 namna på listene til dei seks partia som stiller i kommunen, er det 35 kvinnenamn. Dersom like mange blir valde inn frå partia som det er i kommunestyret i dag, utan at nokon blir kryssa opp på listene, blir det 14 menn og sju kvinner dei neste fire åra.

Therese Anita Holmen har vore ei av desse fire kvinnene i den elles mannsdominerte kommunestyresalen.

– Eg bli veldig skuffa når eg ser listene i Sokndal, spesielt Frp si liste: det er ingen damer! Det er mange dyktige kvinner frå mange parti ville gjera ein jobb for Sokndal, men dei kom ikkje inn, seier Holmen.

– På vegner av Sokndal tykkjer eg det er flaut at me speglar befolkninga så dårleg. Slik skal det ikkje vera i 2015, seier ho.

  • Usikker på kva du skal stemma? Prøv NRK sin valgomat

Ap og KrF best i klassen

I dagens kommunestyre er tre av seks Ap-representantar kvinner, og på vallista tel dei ti av 21. Hjå KrF er 11 av 24 på lista kvinner, og har ei kvinne og tre menn i kommunestyret pr. i dag.

– Eg tykkjer det er veldig kjekt å engasjera seg i lokalpolitikken. Me har ti flotte damer på lista i år, og eg håpar det går betre med dette valet enn sist, seier Bente Karin Egeland Støle (Ap), som har andreplassen på deira liste.

Flere nyheter fra Rogaland