NRK Meny
Normal

Dette er valet i Sokndal

Her er sakene politikarane i Sokndal er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Sokndal innføra kontantstøtte for toåringar?

Kommunane kan velje å gi kontantstøtte til toåringar, dersom de ikkje går i barnehage. Argumentet for er valfridom for familiane, og at kommunen dermed trenger færre barnehageplassar. Motargument er at kvinner kan bli haldne borte frå arbeidsmarknaden, og at barn som trenger å gå i barnehagen, ikkje gjør det.

Bør Sokndal slå seg saman med Eigersund, Lund og Bjerkreim kommune?

Ein felles kommune i Dalane er eit av alternativa i debatten om kommunesamanslåing. Nokre vil hevda at innbyggjarane i Sokndal vil få betre tenester i ein større kommune, medan andre trur kommunen klarer seg like godt aleine.

Bør alle butikker i Sokndal kunne halde opent på sundagar, dersom Stortinget tillèt det?

Bør kommunen redusere prisen på SFO?

I dag betaler foreldra heile drifta av skulefritidsordninga. Enkelte parti vil at kommunen skal ta delar av rekninga, slik at det blir billegare for foreldra.

Har Sokndal kommune råd til å halde symjebassenget ope heile året?

For å spare pengar har eit fleirtal i kommunestyret vedteke at symjebassenget skal vera stengd frå 1. mai til 1. oktober. Fleire er imot dette, og meiner at kommunen må prioritere at symjebassenget er ope heile året, frå måndag til laurdag.