Hopp til innhold

Ber Hjelmeland halda fingrane av fatet

Forsand-ordføraren meiner kommunen si framtid er sett i spel av ryfylkenabo Hjelmeland som krev Forsand med i ein ny Ryfylke-kommune. Han ber om fred til å jobba for ei samanslåing med Sandnes, slik fleirtalet i Forsand har sagt ja til.

Bjarte Dagestad

Forsand-ordførar Bjarte Dagestad er frustrert på Hjelmeland.

Foto: Erik Waage / NRK

–– Hjelmeland krev og i aust og vest. Eg synst det er merkeleg at Hjelmeland som ikkje har vist vilje til noko som helst i kommunereformprosessen det siste halvanna året, plutseleg set krav til alle andre enn seg sjølv, seier Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H).

Han er frustrert over ryfylkenabo Hjelmeland som set som absolutt krav for ein ny ryfylkekommune med Strand – at også Forsand blir med.

Dette trass i at fleirtalet i Forsand vil til Sandnes, og at begge desse kommunane har oppretta midlertidige fellesnemnder som skal jobba for samanslåing.

Og sjølv om Forsand ikkje blir nemnd i intensjonsavtalen Hjelmeland og Strand landa fredag, er Hjelmeland tydelege i sitt syn. Det er dette som får ordførar Dagestad til å sjå raudt.

– At dei set oss i spel og tvingar oss er taktikk for å samla Ryfylke. Eg meiner dei skal konsentrera seg om seg sjølv og la Forsand vera i fred med den gjensidige frivilligheita me har med Sandnes.

– Opptatt av å ta vare på Ryfylke

Bjørn Laugaland

Ordførar i Hjelmeland, Bjørn Laugaland (Sp).

Foto: Magnus Stokka

Men hjelmelandsordførar Bjørn Laugaland (Sp) svarer at dei berre tar fylkesmannen si tilråding på alvor om at Strand og Forsand bør slå seg saman – og at Hjelmeland bør vurdera det same.

– Då dette kom frå Fylkesmannen vakna nok ryfylkingen opp i mange av oss. Me er opptatt av å ta vare på Ryfylke.

– Men kvifor ikkje la Forsand jobba i fred med det dei har fleirtal for?

– Då vil eg snu flisa på hovudet: Dersom dei ikkje hadde jobba for dette, hadde også me fått fred for vårt vedtak om å stå åleine, slik eg ser det.

– Tøft spel

Ole Tom Guse

Ole Tom Guse (KrF) støttar kravet til Hjelmeland.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Hjelmelandsordføraren får også støtte frå gamleordføraren i Forsand, Ole Tom Guse (KrF). Han synst berre det er flott at Strand og Hjelmeland har med Forsand i sine samanslåingsplanar, trass i at fleirtalet vil gå mot Sandnes.

– Det er bra fordi eg har stor tru på at Stortinget kjem til å velja ei løysing med nettopp desse tre kommunane. Då er det greitt at dei alt har lagt til rette for at me skal bli ein felles kommune i framtida. Dei spelar ganske høgt, men eg synst det er eit tøft spel.

Flere nyheter fra Rogaland