Hopp til innhold

Arvid Sjødin: – Fetteren er letta

Fetteren til Birgitte Tengs blei dømt i tingretten og deretter frifunnen i lagmannsretten for drapet på kusina. I dag er han letta for Cold Case sin konklusjon, opplyser advokaten hans Arvid Sjødin.

Arvid Sjødin

Arvid Sjødin er advokaten til fetteren til Birgitte Tengs, som først blei dømt for drapet på kusina, men som i 1998 blei frifunnen av Gulating lagmannsrett.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er klart at han er letta, det er jo første gong nokon skal sjå seriøst på saka hans, seier advokat Arvid Sjødin, om fetteren til Birgitte Tengs, og legg ikkje skjul på sin misnøya si over måten politiet har handsama drapssaka frå 1995.

Fetteren til Birgitte Tengs blei i den første rettsrunden dømt i saka, i 1998 blei han frifunnen av Gulating lagmannsrett for drapet på kusina si, men måtte likevel betala oppreising til familien til Birgitte Tengs. Den avgjersla blei seinare oppheva av Menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg.

Håper på nye DNA-metodar

Sjødin forventar innrømmingar frå politiet i pressekonferansen i Haugesund klokka 12 i dag. Ein pressekonferanse som blir heldt i samanheng med at Kripos si Cold Case-gruppe ber politiet ta opp att Birgitte Tengs-saka.

– Eg forventar at dei vil fortelja at det er gjort feil i etterforskinga, med tanke på at det berre er brotstykke som er etterforska i saka. Dessutan forventar eg at ein går vekk frå DNA-teknologien som blir brukt i Norge, og heller tek i bruk utanlandsk DNA-teknologi. Det er den einaste måten ein kan oppklara denne saka på, saman med ei vidare etterforsking av dei faktiske omstenda, seier Sjødin til NRK.

Han meiner at politiet nå har ein moglegheit til å konkludera skikkeleg i saka.

– Dei må byrja i ein ende, og løysa opp i desse trådane, slik at ein ender opp med ein konklusjon i saka. Anten at det går an å etterforska saka vidare, eller at det ikkje er mogleg.

– Publikum vore svært dyktige med å fremma tips

– Trur du at politiet klarer å finna fram til rett drapsmann?

– Eg trur det vil vera mogleg ut frå det som finst av DNA og opplysingar der ute. I løpet av alle desse åra har publikum vore svært dyktige med å fremma tips i denne saka, seier han.

– Korleis har familien til fetteren det nå?

– Eg veit at familien er letta i dag. For første gong er det offentlege styresmakter som med alvor ser på etterforskinga. Derfor meiner eg at dette er ein viktig dag for dei, seier Sjødin.