Hopp til innhold

Håper Tengs-saka kan klarast opp i med ny DNA-teknologi

Ny DNA-teknologi førte nyleg til at to britar blei dømde i ei 18 år gamal drapssak i London. Nå håper forsvarar Arvid Sjødin at den same teknikken kan nyttast for å klara opp i drapet på Birgitte Tengs i 1995. Men politiet er lite villige.

Arvid Sjødin

SER TIL ENGLAND: Forsvarar til Birgitte Tengs sin fetter, Arvid Sjødin, meiner at ein med ny DNA-teknologi kan klara opp i drapet på Birgitte Tengs på Karmøy i 1995.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Minnestein der Birgitte Tengs ble funnet drept

GRAVSTEINEN: Birgitte Tengs blei drepen i mai i 1995. Det er framleis ikkje klart kven gjerningsmannen er.

Foto: ALF OVE HANSEN / Scanpix

3. januar i år blei britane David Norris og Gary Dobson dømt for drapet på den svarte tenåringen Stephen Lawrrence i London i 1993.

Fram mot dette hadde saka lenge vore ei såkalla «cold case», men med ny DNA-teknologi blei dei to felt på bakgrunn av seksten fiber, og ein mikroskopisk flekk med blod, ifølgje Daily Mail.

Vil ha oppklaring i Tengs-saka

Saka har vekt oppsikt, og i Skottland tar nå fleire til orde for å opna ei liknande uoppklart drapssak frå 1998 i Overtown, skriv The Guardian.

Også her i Norge finst det uoppklarte drap. Eit av desse er drapet som skjedde på Birgitte Tengs i 1995. 17 år gamal blei ho funnen valdteken og drepen nær heimen sin på Karmøy.

Det er denne saka Sjødin vil at politiet skal sjå nærmare på:

– Eg har bedd politiet om å gjera nye analysar av kleda og anna som finst av beslag. For med dagens DNA-teknologi vil ein då høgst truleg finna ein DNA-profil som er gjerningsmannen sin, seier Sjødin.

Han er advokat for fetteren til Birgitte Tengs, som I den første rettsrunden etter drapet blei dømd i saka. Men i 1998 blei han frikjent av Gulating lagmannsrett for drapet på kusina si.

Trass dette måtte fetteren betala oppreising til familien til Birgitte Tengs, ei avgjersle som seinare blei oppheva av Menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg. Dermed står saka att utan ein mordar, men med ein fetter som ikkje kjenner seg reinvaska.

Gary Dobson og David Norris

David Norris og Gary Dobson fekk 14 og 15 års fengsel for rasismedrapet som skjedde i London i 1993. Dei blei dømde 18 år etter ugjerninga skjedde, og blei felt med bakgrunn i ny DNA-teknologi.

Foto: HANDOUT / Reuters

Kostar 50.000 men politiet er lite villige

Den nye DNA-sjekken Sjødin ønskjer kostar om lag 50.000 kroner og lar seg gjera hos Stavanger-bedrifta Gena.

Ragne Kristin Farmen leder det private DNA-laboratoriet Gena.

Ragne Kristin Farmen leiar det private DNA-laboratoriet Gena.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Dagleg leiar her, Ragne Farmen, seier at dei gladeleg tar jobben, om politiet ønskjer det:

– Det er mange døme på at nyare DNA-teknologi har vore med på å klara opp gamle uoppklarte saker, seier Farmen.

Ho forklarar at ein måtte ha langt større mengder biologisk materiale for å få fram DNA-analysar i 1995, enn det ein må i dag:

– Det er svært lite materiale me treng for å få ein DNA-analyse. Me nyttar også berørings-DNA. Det vil sei at det er nok om nokon har tatt på ein gjenstand, og det er heilt nytt, seier ho.

Men det kan virka som om politiet ikkje er særleg interesserte i dette. For Sjødin sende nemleg førespurnad til politiet om nye DNA-analyser allereie i mai i fjor, då London saka var oppe:

– Eg har ikkje fått anna svar enn at dei skal sjå på det. Det meiner eg er spesielt, for eg trudde det var politiet si oppgåve og plikt å etterforska uoppklarte saker, spesielt i eit miljø det blir kravd oppklaring, seier han.

Birgittesaken

Ifølgje Ragne Farmen trong ein langt større mengder biologisk materiale for å få ein DNA-profil i 1995, enn i dag. Bilete er frå politiarbeidet etter drapet på Birgitte Tengs.

Foto: NRK

– Handlar om vegring

Politiadvokat Tor Buberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt vil ikkje snakka om saka.

Han meiner at det ikkje er noko nytt og viser til politimeister Kaare Songstad, som ikkje har svart på NRK sine førespurnader. Saka skal likevel, etter det NRK kjenner til, ha gått vidare til KRIPOS.

– Eg tenker at dette handlar om vegring, og at politidistriktet ikkje tar det på alvor. Saman med KRIPOS har dei øydelagd ein mann, og nå er dei ikkje villige til å retta det opp, seier han.

Drapssaka på Karmøy blir først forelda når det har gått 25 år, det vil sei i 2020.