Hopp til innhold

Arbeidsløysa går opp – men bedriftene treng fleire arbeidarar

Sjølv om fleire bedrifter i Rogaland skrik etter arbeidskraft, går nå talet på arbeidsledige også opp i denne delen av landet. Mangel på kvalifisert arbeidskraft er årsaka.

Oljearbeidere Oseberg feltsenter

Arbeidsmarknaden i Rogaland mangler både oljeingeiører og folk i offentlig sektor.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Ingen fylke i landet har betre ledigheitstal enn Rogaland. Slik har det lenge vore og slik er det framleis.

Likevel går nå talet på folk utan arbeid også opp i Rogaland, syner nye tal frå Nav. Frå mai i fjor, til mai i år, har ledigheita auka med heile 5 prosent i fylket. Noko som vil sei at 1,7 prosent av innbyggarane her er utan jobb, landssnittet ligg på 2,5 prosent.

Les også: Fikk syv jobbtilbud på tre timer

Dermed er det kanskje noko paradoksalt at fleire offentlege og private bedrifter i same region melder om alvorlege rekrutteringsproblem. Årsaka er at det behovet for arbeidskraft med låg eller manglande utdanning er fråverande.

–Slit med å skaffe kvalifisert arbeidskraft

Av dei som treng høgt utdanna arbeidarar er behovet langt større.

– Sjølv om rekrutteringsutfordringane samla sett er mindre enn i oppgangsperioden frå 2006 til våren 2008, så visar NAV si bedriftsundersøking at ei rekkje private og offentlege verksemder i Rogaland fortsatt slit med å skaffe kvalifisert arbeidskraft, seier fylkesdirektør Truls Nordahl.

Truls Nordahl

Fylkesdirektør Truls Nordahl i NAV seier at det er innan helse og omsorg- samt ingeniør og ikt-fag at etterspurnaden etter arbeidskraft er størst.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Om lag tusen bedrifter har svart på undersøkinga. Og det er innan helse og omsorg- samt ingeniør og ikt-fag at etterspurnaden etter arbeidskraft er størst.

Problemet er at bedriftene ikkje får fatt i nok kvalifisert arbeidskraft.

Les også: Kommunen vil kjøpe lærerboliger

Les også: – Norge treng fleire lærarar

Undersøkinga til NAV viser at 20 prosent av alle bedriftene og verksemdene i Rogaland dei siste tre månadene har gjort eit eller fleire mislykka forsøk på å rekruttera nye medarbeidarar, eller har tilsett personar med lågare kompetanse en ønskeleg. Til saman gjeld dette ca. 5000 stillingar.

Mangler ingeniører, men og folk i offentleg sektor

Av alle fylka i Norge er det Rogaland som i faktiske tal har størst problem med å skaffa nok arbeidskraft.

– Dette må i stor grad sjåast i samanheng med det store behovet for ingeniørar i olje og gass-sektoren og i leverandørindustrien. Samstundes viser dei faktiske tala store rekrutteringsutfordringar også i offentleg sektor, fortel fylkesdirektør Truls Nordahl.

Behovet for arbeidskraft er spesialisert, og dermed snevrar ein inn. Behovet for låg eller manglande utdanning er ikkje stor.

Hallvard Ween

Regionsdirektør for NHO i Rogaland, Hallvard Ween, meiner bustadproblemet er kritisk når det gjeld rekruttering av arbeidskraft.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Høge bustadpriser gjer det vankeleg å rekruttere

Fleire bedrifter meiner at dei høge bustadprisane i regionen er ein hemsko når det kjem til å få tilsetja nok folk.

Les også: SUS lokker sykepleiere med gratis hybel og iPad

Les også: Høye boligpriser rammer syke mennesker

– Det uroar meg at 13 prosent av bedriftene og verksemdene i Stavangerregionen (fra Hå kommune til Finnøy kommune) gir oss tilbakemelding om at personar som har vore interessert i arbeid opplever at høge bustadpriser gjer det vanskelegare å etablera seg i regionen, seier Nordahl.

Regionsdirektør for NHO i Rogaland, Hallvard Ween, meiner bustadproblemet er kritisk.

– Me går glipp av god arbeidskraft. Eg tenker spesielt på at me må ha heile spekteret av folk til regionen, i alle arbeidsgrupper. Med Ryfast og Rogfast vil me få eit utvida regionsbegrep. Dette vil løysa ein del, men det er framleis nokre år til dette skjer, seier Ween.

Flere nyheter fra Rogaland