NRK Meny
Normal

– Norge treng fleire lærarar

Tallause kampanjar for å få folk til å utdanna seg til lærarar har så langt vore til lita nytte. Ein ny rapport viser at søkartalet til lærarstudie held seg stabilt lågt.

Lærar i klasserom

LÆRAR FOR EIN DAG: I Rogaland får ungdom i den vidaregåande skulen prøva seg som barneskulelærar i ein litt annleis rekrutteringskampanje. Emilie Børresen blei overraska over kor lærevillige barna på Aspervika skole var.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Elaine Munthe

Leiar i Følgegruppen for lærarutdanningsreforma presenterer ein ny rapport som syner at det har vore låg vekst i talet på elevar som søker seg inn på lærarstudie.

Foto: Silje Stangeland Lie / NRK

– Konsekvensen av den låge rekrutteringa av lærarar er at elevar ikkje får den undervisinga som dei har krav på, seier Elaine Munthe. Ho leiar i Følgegruppen for lærarutdanningsreforma.

Dei har nyleg presentert ein rapport som syner at ungdom ikkje akkurat strøymer til læraryrke trass i alle kampanjane som blir arrangert for å få fleire lærarar.

– Lærarar må jobba med det dei kan

Talet på søkarar som har grunnskulelærar på førsteplass har berre auka med seks prosent dei siste tre åra, og talet på kvalifiserte søkarar ligg stabilt på rundt 60 prosent.

Munthe trur løysinga på rekrutteringsutfordringa er å sikra at lærarar faktisk får jobba med det dei kan.

– Eg trur me må sjå litt på sjølve lærararbeidet og prøva å tilretteleggja slik at lærarane faktisk får rom og høve til å jobba med det dei kan, og det dei synest er viktig.

Ifølgje kunnskapsdepartementet tyder prognosane på at det vil mangla 4000 lærarar i Norge i 2020.

Derfor meiner Munthe at også rekrutteringskampanjane er viktige, trass i at dei har vore til lita hjelp så langt. Ho meiner at all merksemd yrke kan få er bra, og ho er spesielt positiv til kampanjen «Lærar for ein dag», som nå går føre seg i Sandnes.

Lærar for ein dag

Elevar i tredjeklasse på vidaregåande skular får i kampanjen, som er eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap Rogaland, Rogalandsgnisten og Universitetet i Stavanger, lov til å prøva seg som lærar ein heil dag.

– Eg var overraska over kor lett det var å gje dei instruksjonar, for dei forsto mykje meir enn det eg trudde dei skulle, seier Emilie Børresen, som går siste året på St. Olav vidaregåande skule i Stavanger.

Ho fekk på torsdag prøva seg som lærar for 4B på Aspervika skole i Sandnes. Og elevane var nøgde med den unge lærarspira.

– Ho var kul, smart og flink, så eg trur ho bør bli lærar, seier Nils Arne Egelandsdal, som har hatt fleire unge lærarar.

– Eit viktig yrke

Med å bli kasta ut i det håper praksiskoordinator ved Universitetet i Stavanger, Kitty Garborg, at elevane i den vidaregåande skulen skal bli freista til å velja læraryrket.

– Me vil ha fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanninga, og me håper med dette at dei får eit betre innblikk i kva læraryrket handlar om, seier ho.

Ei av dei andre som har fått prøva seg som lærar på Aspervika skole, er Kamilla Aspelund. Ho er trur at det er lærar ho vil bli, men det har ho gjort lenge.

– Eg trur eg vil bli lærar. Mest sidan dette er eit yrke eg kjenner godt til, både mormor og morfar var lærarar. Det verkar som eit kjekt og viktig yrke, seier ho.