NRK Meny
Normal

Ap med barnehageløft – men veit ikkje når det kan gjennomførast

HAUGESUND (NRK): Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil ha minst to årlege barnehageopptak. Men Støre vil ikkje lova at det kjem på plass med det første.

Jonas Gahr Støre i skogen 5

GØYMSEL: Natalie Langøy Dommersnes (6) fann Støre bak det same treet han gøymde seg bak då han var i Haugesund i same ærend for fire år sidan. – Eg hugsar eg meinte det var ein god gøymestad. Det var det openbart ikkje, sa Støre i friluftsområdet Djupadalen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Saman med Haugesund turisforeining og ein skokk barnehagebarn starta Jonas Gahr Støre sin tredje dag på vestlandsturneen med gøymsel.

Borna stod i høgsetet tysdag. Det gjer dei også i partiprogrammet til Arbeidarpartiet.

Fram til i fjor hadde barn fødde etter 31. august ikkje rett til barnehageplass i det komande kalenderåret. I budsjettforliket i 2015 blei Stortinget samde om å utvida retten til barnehageplass til også å gjelda barn fødde i september og oktober.

Gå til forsiden

Jonas i skogen

Jonas Gahr Støre i skogen

Jonas i skogen

6 bilder

DJUPADALEN: Jonas Gahr Støre besøkte Haugesund turistforeining og barnehagebarn under sin sommarturné i Haugesund tysdag.

    – Vil ikkje konkludera

    Det var etter at Arbeidarpartiet hadde lagt inn 200 millionar kroner i sitt alternative statsbudsjett for å gi barn fødde i november og desember rett til barnehageplass månaden dei fyller eitt år.

    No går dei til val på rullerande opptak. Men Støre vil ikkje lova at det blir betring allereie frå neste budsjett.

    – Me har mange ambisjonar, så eg vil ikkje konkludera på dette no. Men rullerande opptak står høgt på prioriteringslista, seier han.

    – Regjeringa har svikta

    Den gamle ordninga fører til at mange barn må venta til dei er nesten to år før dei får byrja i barnehage. I dag er det berre barn fødde i desember som ikkje er inkluderte i neste kalenderårs opptak. Etter Solberg-regjeringa kom til makta har dei utvida retten for å inkludera barn fødde i september, oktober, og november.

    Likevel meiner Støre regjeringa har svikta småbarnsforeldra.

    – Høgre lova større fleksibilitet og fleire barnehageplassar. Denne regjeringa har ikkje prioritert det. Når du brukar 20 milliardar til å kutta i skattane, då er ikkje pengane der.

    Henrik Asheim

    BARNEHAGEKAMP: Stortingsrepresentant Henrik Asheim (H) meiner Høgre har haldt det dei lova trass i at born fødde i desember ikkje er sikra plass dagen dei fyller eitt år.

    Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

    – Me har kutta i skatt, men me har også prioritert fleire pedagogar og gitt fleire born moglegheita til å gå i barnehage ved at barn frå trongare kår får eit rimelegare tilbod, kontrar Henrik Asheim (H).

    Han meiner Høgre har satsa på barnehagar og viser til at dei seinast har inkludert barn fødde i november i neste års opptak.

    – Det er prisverdig av Ap å seia at det er vanskeleg å vita når rullerande opptak er realistisk. Det seier me også, men har utvida gradvis. Rullerande opptak vil føra til eit press på enkelte kommunar, men mange kommunar har allereie denne ordninga.

    Ikkje for kvar ein pris

    Sjølv om Ap og Sp er einige, betyr ikkje det at dei potensielle regjeringspartnarane vil lova fleksibelt opptak med det aller første.

    – Me vil ha to årlege opptak på plass fortast mogleg, seinast i løpet av stortingsperioden, seier familiepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Sp.

    Toppe

    MÅ GJERA GREP: Familiepolitisk talsmann Kjersti Toppe (Sp) meiner dagens ordning med årleg opptak fører med seg fleire negative konsekvensar, som opphoping av fødslar om sommaren.

    Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

    Toppe viser til at det er fleire spedbarn i barnehagen no, og meiner ei utviding av opptaket ikkje må gå på kostnad av kvaliteten.

    Støre vedgår at det ikkje er realistisk å lova rullerande opptak frå første endring.

    – Kanskje er det betre å gå vegen om to opptak. Det er mange vanskeleg prioritingar å gjera, men me vil forhandla dersom det blir fleirtal.