Hopp til innhold

Anleggsbransjen jaktar fleire folk i 2017

Etter å ha lagt bak seg eit turbulent 2016, jaktar anleggsbransjen fleire folk i 2017. Men bransjen vil ikkje friskmelda seg sjølv.

Mange unge har skada seg på jobb

Stangeland Maskin ser lyst på 2017 og jaktar mellom 10 og 15 nye tilsette. Arkivfoto.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Nedturen blei synleg for alle då fire av dei store i anleggsbransjen i Rogaland i desember i fjor varsla permitteringar på grunn av ordretørke.

På nyåret i år var permitteringane eit faktum då eit trettitals tilsette hos Risa og Stangeland Maskin fekk beskjed om at dei var utan arbeid.

Men nå når me nærmar oss slutten på 2016, ser alt mykje lysare ut.

– Me har lagt bak oss ein haust med god omsetnad og tilsetjingar av folk. Det vil me sannsynlegvis halda fram med også inn i 2017, seier administrerande direktør hos Risa, Trond Viding Tvedt.

Treng fleire folk

Trond Viding Tvedt

Trond Viding Tvedt, administrerande direktør Risa.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det siste halvåret har Risa tilsett mellom 40 og 50 personar. Det er arbeid i samband med Statnett sine oppgraderingar av hovudlinjenettet i Sør-Norge som i hovudsak har ført til behovet for nye tilsette. Og det stoppar ikkje med det, ifølge Tvedt.

– Me bygg kompetanse og treng folk. Det gjeld både i administrasjonen og produksjonen. Me har tilsett ledige folk frå oljebransjen, men òg erfarne folk frå anleggsbransjen.

Jobbar i heile fylket

Også Stangeland Maskin ser lyst på 2017 og jaktar mellom 10 og 15 nye tilsette.

– Det ser veldig godt ut og me treng fleire medarbeidarar, så det er ei positiv utvikling, fortel påtroppande dagleg leiar, Tommy Stangeland.

Stangeland fortel om god tilgang på oppdrag og at dei også har utvida sin geografiske arbeidsmarknad.

– Det vil seia at me også er litt ute av Stavanger-regionen, noko me ikkje har hatt tradisjon for. Nå er me både på Karmøy og i Sokndal, fortel den påtroppande TS-sjefen.

Vil ikkje friskmelda bransjen

Marie Oftedal

Marie Oftedal, distriktssjef Maskinentreprenørenes forbund.

Foto: Maskinentreprenørenes forbund

Marie Oftedal er distriktssjef i Sør-Rogaland for Maskinentreprenørenes forbund. Ho vil ikkje friskmelda anleggsbransjen, men utviklinga er likevel positiv.

– Kommunar, styresmakter og offentlege etatar har kome med meir anbod. Det har vore større fokus og tiltakspakkar har verka, så det har blitt meir arbeid for entreprenørane.

– Kva ventar du av tilsetjingar neste år?

– Fleire bedrifter melder at dei leitar etter folk. Bedriftene har også tatt inn like mange lærlingar dette året som tidlegare.

Heller ikkje Risa-sjef Trond Viding Tvedt vil friskmelda anleggsbransjen heilt ennå.

– Me må få meir forutsigbarheit i forhold til Statens vegvesen sine prosjekt, slik at me kan planlegga betre på lengre sikt, meiner han.