Hopp til innhold

Permitteringar i pressa anleggsbransje

– Situasjonen er dramatisk, seier Risa-direktør, etter at Stangeland Maskin, Risa, Rygg maskin og Nordbø Maskin alle har varsla permitteringar.

Risa

Talet på permitteringar kjem an på arbeidsmengda til vinteren, seier Risa-direktør Trond Viding Tvedt.

Fire av dei store i anleggsbransjen i Rogaland varslar nå permitteringar på grunn av mangel på oppdrag.

Både Risa, Stangeland Maskin, Rygg Maskin og Nordbø Maskin må setja bremsene på for fullt. Dei fire selskapa sende i ettermiddag ut ei felles pressemelding kor det blir varsla permitteringar.

Har sett det koma

– Me er nå i ein situasjon der me veit det skal investerast for titals millionar innan samferdsel i Rogaland. Det paradoksale er at me i denne fasen – der me burde ha bygd opp kompetanse og organisasjon for å kunne ta imot alle prosjekta som kjem dei neste åra, må gå til det drastiske steget å permittera og byggja ned kompetanse, seier administrerande direktør i Risa, Trond Viding Tvedt.

– Dette er ein situasjon som me har sett koma i nokre månader, og som me også har prøvd å varsla om til ansvarlege styresmakter, men me føler ikkje at noko blir gjort.

Mange unge har skada seg på jobb

Den pressa anleggsbransjen håper nå på hjelp frå regjeringa.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

–Kva kunne vore gjort?

– Me veit at ei mengd prosjekt alt ligg klar. Det heng mykje på løyvingar. Det kunne vore løyvd pengar for å setja arbeidet i gang, og då hadde me unngått den situasjonen som entreprenørane i Rogaland nå er inne i, seier Tvedt.

Kan bli oppseiingar

– Talet på permitteringar må me koma tilbake til, men det som er viktig for oss å synleggjera nå er at dette vil skje.

Ifølge Tvedt vil det bli ein gjennomgang av prosjekta framover og arbeidsmengda for vinteren, og først når dette er kartlagt vil dei vita kor mange som blir ramma.

– Dersom dette blir langvarig så kan det bli snakk om oppseiingar, men per i dag så er me ikkje der.

Solvik Olsen lover løft

– Det er trist, men ikkje overraskande å høyra om dei komande permitteringane, med tanke på turbulensen i oljebransjen. Dette går ut over andre deler av økonomien i Rogaland og på Vestlandet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

– Dette er ein ekstra motivasjon for meg til å få i gang samferdselsprosjekta i regionen så fort som mogleg, understrekar han.

Ketil Solvik-Olsen

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen lover betre tider for den pressa bransjen i 2016.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

Solvik Olsen lover at situasjonen vil betra seg på nyåret, då det vil koma fleire vedlikehaldskontraktar ut i marknaden.

– Om me samanliknar nivået me legg oss på i 2016, så har me altså nesten ti milliardar kroner til vedlikehald av veg og jernbane. Til samanlikning så var forslaget for 2014 på fem og ein halv milliard, så me har nesten ei dobling på to år.

Han presiserer at mykje av veksten kjem på Vestlandet, der det er mykje oljeaktivitet og der regjeringa veit at det er mykje ledige ressursar i entreprenørbransjen.