Ankar Agnes-saka

Den drapsdømde Thomas Müller ankar dommen på 21 år som kom frå Jæren tingrett tidlegare i dag. – Han har det veldig tøft, seier forsvararen hans Ørjan Eskeland.

Den drapsdømde Thomas Müller ankar dommen på 21 år som kom frå Jæren tingrett tidlegare i dag. – Han har det veldig tøft, seier forsvararen hans Ørjan Eskeland.

VIDEO: Her kan du høyra forsvarar Ørjan Eskeland og aktor Tormod Haugnes sine reaksjonar på dommen.

– Han er skuffa over at han ikkje blir trudd på og han ankar dommen til lagmannsretten, seier forsvarar Ørjan Eskeland utan for Åna fengsel på Nærbø.

Her har han sitte i samtalar med Thomas Müller som i ettermiddag fekk forkynt dommen frå Jæren tingrett. Denne var på lovens strengaste straff: 21 år fengsel i tillegg til krav om erstatning på nesten to millionar kroner. Han blei dømt for å valdta kona si og deretter drepa ho.

Thomas Müller har delvis erkjent overlagt drap, men nekta straffskuld for valdtekt.

– Forklaringa hans er den same som den alltid har vore. Han meiner han at avdøde samtykka til drapet og han har ikkje erkjent straffskuld for valdtekt. Derfor meiner han at han burde vore dømt for forsettleg drap og frifunnen for valdtekt, seier Eskeland.

– Korleis har han det nå?

– Han har det veldig tøft.

Agnes Müller

Agnes Elisabeth Müller blei drepen av mannen sin 16. april i år, natt til skjærtorsdag. Tysdag 6. mai blei liket hennar funne på botn av Dørvika i Lysefjorden.

Foto: Politiet/NRK