Hopp til innhold

Pakistansk-norsk drama til topps i Haugesund

Den store vinnaren på Amandaprisutdelinga, laurdag kveld, blei ein film som tar opp ei kvinne sin situasjon i eit norsk-pakistansk innvandrarmiljø i Oslo.

Amandaprisen 2018. Rød løper

Iram Haq på den raude løparen før Amandapris-utdeling i Haugesund der ho blei den desidert største vinnaren med filmen sin «Hva vil folk si».

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det har vore ein veldig viktig film å laga for meg. Det å finne motet til å fortelje om mi eiga historie, seier vinnaren av kategorien beste norske kinofilm 2018, Iram Haq.

Vinnarfilmen «Hva vil folk si» har allereie sanka prisar i både inn- og utland, og den har selt meir nærmare 130.000 kinobillettar heime i Noreg.

Iram Haq er 40 år og braut med den pakistanske familien sin då ho var 14, for å sleppa unna det ho opplevde som altfor strenge foreldre. «Hva vil folk si» er lausleg basert på hennar eigne erfaringar.

Fra filmen "Hva vil folk si"

«Hva vil folk si» handlar om den norsk-pakistanske tenåringsjenta Nisha som lever eit dobbeltliv. Heime er ho slik foreldra vil, men utanfor heimen er ho saman med gutar. Så oppdagar faren dette og det får tragiske konsekvensar for dei begge.

Foto: Mer Filmdistribusjon

– Eg vonar at filmen skal vera med å gi håp til andre kvinner og jenter, og at dei gjer det same som eg gjorde, nemleg å følgja draumane sine, seier Iram Haq.

Den rutinerte filmskaparen fekk også prisar for beste manus og beste regi.

– Det er to utruleg viktige prisar for meg som jobbar med begge desse områda, seier Iram Haq.

Fekk tre prisar

I tillegg blei Adil Hussain tildelt prisen som beste mannlege skodespelar, for innsatsen i filmen «Hva vil folk si». Det blei den fjerde Amandaprisen til filmen.

Birger Vestmo

Filmkritikar Birger Vestmo blei overraska over at «Hva vil folk si» tok storeslem.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg vaks sjølv opp i ein muslimsk familie der eg ikkje fekk lov til å spela musikkinstrument, seier Hussain.

Han meiner at denne filmen har ein tydleg bodskap og det er at alle folk må få
lov til å gjera det dei verkeleg har lyst til å gjera i livet.

– Eg trur at verda nå er klar til å snakka om det som skjer når to kulturar kolliderar. Nå er det tid for å snakka også om det me ikkje likar med kvarandre, seier Hussain.

Ein verdig vinnar

NRK sin filmkritikar Birger Vestmo er overraska over at «Hva vil folk si» gjekk ut som den store vinnaren av Amandautdelinga.

– Det er imponerande, og litt overraskande, at den skulle triumfere over både «Utøya 22. juli» og «Thelma» i alle dei tre kategoriane ein reknar som dei viktigaste, nemlig film, regi og manus. Det seier litt om Haq sin prestasjon, seier Vestmo.

Han skulle gjerne sett at Erik Poppe og Joachim Trier også fekk tildelt personlege Amanda-prisar, men er likevel klar på at vinnaren fortener dei fire prisane.

– Det er ein sterk, verdig og viktig vinnar, seier NRK sin filmkritikar Birger Vestmo.

Thelma og Utøya

Spelefilmdebutantane Andrea Berntzen og Solveig Koløen Birkeland fekk prisane for beste kvinnelege skodespelar og beste kvinnelege birolle for sin innsats i Erik Poppe sin film Utøya 22. juli.

Regissør Erik Poppe, saman med Andrea Berntzen og Kirsten Poppe på raud løper Amandapris 2018

Regissør Erik Poppe i midten. Til venstre, Andrea Berntzen og til høgre, Kirsten Poppe.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Filmen «Thelma» av Joachim Trier fekk pris for beste foto, beste musikk og beste klipp.

Publikum stemte fram filmen «Den 12. mann» som vinnar av Folkets Amanda.