Hopp til innhold

– Me tapar meir enn det me får

Regjeringa løyver 137 millionar til kriseramma kommunar i Rogaland. Men i fleire av kommunane er tapet av skatteinntekter så stort, at dei likevel ikkje går i pluss.

Arne-Christian Mohn

Arne-Christian Mohn meiner pengane som er løyva til Haugesund i revidert nasjonalbudsjett, ikkje er nok.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

– Det er lite som har kome, og det kjem seint. Me har bedt om dette lenge, og når det først kjem, hadde me håpa på meir, seier ordførar i Haugesund, Arne Christian Mohn (Ap).

Kommunen er blant dei med høgast arbeidsløyse i landet. Her er den på heile 5,4 prosent.

I revidert nasjonalbudsjett som blei lagt fram i dag, blir det løyvd 15 millionar til kommunen, men ordføraren trur det vil ha liten effekt. Årsaka er at dei ventar å tapa 40 millionar i skatteinntekter i 2016.

– Dersom me får 40 millionar mindre til drift i løpet av dette året, hjelper det svært lite å få 15 millionar til investering. Det er ikkje veldig mykje, og store effektar vil det ikkje få. Me tapar meir enn det me får, seier Mohn.

Fleire er skuffa

Ein annan kommune som slit med høg arbeidsløyse i Rogaland, er Eigersund.

Kommunen får 6,6 millionar ekstra til vedlikehaldsprosjekt. I tillegg skal ein pott på 21 millionar delast mellom Eigersund, Lund og Kvinesdal. Pengane skal gå til hastetiltak i dei områda som blei hardast råka av ekstremvêret Synne.

Ordfører i Eigersund Odd Stangeland

Ordførar i Eigersund, Odd Stangeland, er skuffa over at dei ikkje får kompensert tapet av skatteinntekter.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Men ordføraren er likevel ikkje nøgd, for også her slit dei med tap av skatteinntekter. Og ordføraren saknar tiltak som kan vege opp for dette tapet.

– Samstundes som me skal bruka dei 6,6 millionane på tiltak, skal me begynne å planlegga korleis me skal ta ned drifta med 10 millionar ifrå nyttår av, seier ordførar i Eigersund, Odd Stangeland (Ap).

Christine Sagen Helgø

Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, er godt nøgd med at kommunen får meir pengar til vedlikehaldsprosjekt.

Foto: Elin Bardal / NRK

Store summar til Stavanger

Stemninga er derimot betre i Stavanger. Kommunen får 48 millionar til vedlikehaldsprosjekt, og 20 millionar til opprydding av Bangervågen hamn.

– Eg synst det er kjempebra. Det betyr at me kan få ein del av dei som er arbeidsledige, tilbake i jobb, og at me kan gjera det raskt. No må berre bystyret i Stavanger så raskt som mogleg vedta korleis me skal bruka pengane på ein best mogleg måte, seier ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø (H).

Stanley Wirak

Stanley Wirak i Sandnes er glad for at dei no får ekstra midler.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

I nabokommunen Sandnes får dei 33 millionar. Og det meiner ordføraren kjem godt med.

– 33 millionar kan bidra til å få sysselsett mange. Så eg takkar og bukkar. Det er bra at regjeringa har lytta til dei signala som me har sendt her frå Vestlandet, seier ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.