Hopp til innhold

Løyver mest til kriseramma Rogaland

Regjeringa løyver 250 millioner kroner til vedlikehaldsprosjekt i kriseramma kommunar. 137 millionar av desse går til kommunar i Rogaland. Men det er ikkje nok, meiner Senterpartiet.

Erna Solberg i Stavanger

Statsminister Erna Solberg, samferdselsminister Ketil Solvik Olsen og helseminister Bent Høie var alle i Stavanger i dag for å presentera revidert.

Foto: Elin Bardal / NRK

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å bruka til saman 900 millionar kroner til målretta tiltak på Sørlandet og Vestlandet.

Det er desse fylkene som er hardast råka av nedturen i olja, og det er kommunane i desse fylkene med høgast arbeidsløyse som vil få mest.

Statsminister Erna Solberg valde i dag å presentera revidert nasjonalbudsjett i Stavanger, ein kommune som i dag har ei arbeidsløyse på 5 prosent.

Statsministeren meiner det er pengar til dei små prosjekta, som kan bidra til å stoppe veksten i talet på arbeidsledige.

– Eit stort tiltak er ikkje svaret på dette. Store prosjekter tek lang tid å planlegga, det gir ikkje effekt raskt nok, det gir ikkje jobbar til dei som er ledige no. Difor er det viktig at me tek dei små prosjekta først, dei krev kortare planleggingstid og dei gir arbeid raskare, sa Solberg på ein pressekonferanse i Stavanger i dag.

Meir til vedlikehald

Regjeringa vil mellom anna løyva 250 millionar til vedlikehaldprosjekt i dei kriseramma kommunane. 137 millionar av desse går til kommunar i Rogaland. 48 millionar av desse går til Stavanger, 30 millionar går til Sandnes.

– 30 millionar kan bidra til å få sysselsatt mange. Så eg takkar og bukkar. Det er bra at regjeringa har lytta til dei signala som me har sendt her frå Vestlandet, seier ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.

Stanley Wirak

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, er godt nøgd med 30 millionar.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

I tillegg foreslår regjeringa å gi 20 millioner kroner til opprydding i Bangervågen hamn i Stavanger. 13 museer i Hordaland og Rogaland vil også få ekstra pengar til vedlikehald.

Det blir også løyva 50 millionar til vedlikehaldstiltak i helseforetaka, med aktivitet på Sør- og Vestlandet.

– Me brukar historisk mykje pengar for å bidra til omstillingen. Det bidrar til jobbar på kort sikt, men også til omstillingen som skal gi fleire jobbar i framtida, seier Solberg.

– Langt frå nok

Geir Pollestad

Geir Pollestad i Senterpartiet er ikkje imponert over løyvingane som regjeringa kjem med i revidert.

Foto: Anders Fehn / NRK

Men i Senterpartiet er dei ikkje imponerte over pengebruken.

– Det er bra det som kjem, men det er smått. Pengane til kommunane er jo dei same som blei lova i statsbudsjettet, og som seinare blei forhandla vekk, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Geir Pollestad.

Han trur ikkje løyvingane som kjem i revidert vil ha stor innverknad på situasjonen i dei områda som er råka av oljenedturen.

– Eg trur dette er langt i frå nok til å møta den stigande arbeidsløysa som me ser særleg i enkelte delar av Sør- og Vestlandet, seier Pollestad.