Hopp til innhold

– Me kasta alt søppelet på sjøen

Opp mot 35.000 tonn søppel hamnar i havet i norsk sektor kvart år. Tidlegare sjømann Svein Aulie har vore med på ulovleg søppeldumping og oljeutslepp i havet.

Svein Aulie

GAMAL SJØMANN: Frå 1967 til 1980 segla Svein Aulie frå Stavanger som maskinist for fleire norske reiarlag. – Me visste ikkje kva miljø var den gong, og me tenkte at havet var uendeleg, seier han.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det skjedde alltid om natta, når det ikkje var andre båtar i nærleiken, fortel Svein Aulie og tennar seg ein liten sigar.

Stova til den tidlegare sjømannen på Hinna i Stavanger er full av eksotiske ting. Ei kiste frå India, eit vassbøffelhorn frå Kina og eit teppe frå Persia. Alt dette tok han med seg heim då han segla verda rundt som maskinist mellom 1967 og 1980.

Det er likevel ikkje alle minna han er like glad for å sitja att med. Forsøplinga han var med på skulle han gjerne vore utan.

Oljeutslepp og søppeldumping

– Det kosta pengar å kasta søppel når me låg til land. Difor venta me til me var ute på ope hav, og dumpa alt der. Me kasta alt mogleg, og tenkte at havet var så stort at det ville forsvinna, fortel Aulie.

Det mest alvorlege var likevel utslepp av olje. Dette måtte dei vera meir forsiktige med, for å ikkje få mulkt. Difor skjedde det om nettene, då det ikkje var andre båtar i nærleiken.

– Då me hadde tankspyling gjekk det inn i sloptanken, og då den blei full, tømde me den i sjøen. Det er klart at det kom mykje olje på sjøen, fortel han.

NRK har også vore i kontakt med andre sjømenn som fortel om liknande praksis på denne tida.

Marint avfall

Mykje av dette avfallet kjem truleg frå båtar ute på sjøen.

Foto: Bo Eide

Framleis eit stort problem

Ifølgje Norsk rederiforbund har det vore ei stor endring i kor bevisste reiarlaga har vore dei siste 50 åra.

Medan det har vore eit regelverk mot oljeutslepp sidan 1954, kom reglane for søppelhandsaming så seint som i 1988.

– Våre medlemmar har i dag strenge rutinar for søppelhandsaming og det er heilt uakseptabelt å kasta søppel over bord. Rederiforbundet er sterkt engasjert i å sikra eit reint og levedyktig hav, seier administrerande direktør i Rederiforbundet, Harald Solberg.

Krev fleire kontrollar

Opp mot 35.000 tonn søppel hamnar i havet i norsk sektor kvart år, ifølgje Naturvernforbundet.

– Me veit at det framleis finst båtar som dumpar søppel på havet, men at få blir straffa for det, seier leiar Silje Ask Lundberg.

Ho meiner det bør vera fleire kontrollar og betre tilrettelegging for innlevering av søppel.

Kystvakten oppdager utenlandske fartøy som tilsynelatende dumper søppel i norske farvann.

Dette opptaket blei gjort av Kystvakta sitt fly i Barentshavet i april i år. Aulie meiner det er ein skandale at nokon kan gjera dette i 2018. Sjøfartsdirektoratet vil ikkje kommentera denne saka, sidan den ikkje er avslutta.

– Kan bli betre

For Sjøfartsdirektoratet er handsaming av avfall viktig, men dei innrømmer at det er vanskeleg.

– Sjølv om det har blitt betre, er det alltid nokon som bryt reglane. Det er likevel veldig vanskeleg for oss å knytte søppel som me finn opp mot ein enkel båt, seier Alf Tore Sørheim, avdelingsdirektør for kontroll og inspeksjon.

Angrar på dumpinga

Svein Aulie er trygg på at det ikkje lenger er like gale som då han var sjømann, men blir stadig minna om at nokon framleis bruker havet som søppeldunge.

Den siste saka som gjorde han opprørt, var fisketrålaren som blei filma medan den truleg dumpa søppel i Barentshavet.

– At noko slikt kan skje i 2018 er ein skandale. Hadde eg visst det eg veit i dag, hadde eg aldri kasta søppel på sjøen, seier han.