Hopp til innhold

– Jarstein bør stå i mål mot Danmark

Tidlegare landslagstrenar Åge Hareide meiner at Rune Almenning Jarstein bør få plassen mellom stengene i den svært viktige Danmark-kampen. I dag tar Egil «Drillo» Olsen ut landslagstroppen.

Rune Almenning Jarstein

Viking-keeper Rune Almenning Jarstein blei trekt fram som ein av dei to beste norske spelarane i treningskampen mot Kroatia i oktober i fjor.

Foto: HRVOJE POLAN / Afp

Åge Hareide

- Jarstein har meir rutine enn Bugge Pettersen, seier Åge Hareide.

Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX

I går kunne ein nøgd Åge Hareide frå sidelinja sjå at Viking-laget hans slo Rosenborg 3 - 2 i generalprøva før eliteseriestarten .

Han er ikkje i tvil om at målvakta hans er den som bør vera første valet til Egil «Drillo» Olsen i dagens uttak. Det er klokka 12 Olsen tar ut laget.

Knudsen ute

– Baklengsmåla kunne ikkje Jarstein gjera så mykje med. Han lever ein solid kamp der han viser at timinga er i orden, igangsetjingsarbeidet er i orden og feltarbeidet hans er i orden, seier Viking-trenar Åge Hareide.

I dag skal Egil «Drillo» Olsen ta ut landslagstroppen til EM-kvalifiseringskampen mot Danmark 26. mars på Ullevaal, og med førstekeeper Jon Knudsen ute på grunn av ein skadd fing , har det knytt seg spaning til kven som skal vera Norges førsteval i mål.

Det er truleg Moldes Espen Bugge Pettersen og Rune Almenning Jarstein denne kampen vil stå mellom, sjølv om landslagets keepertrenar Frode Grodås ikkje ville stadfesta dette for NRK.no før helga.

Egil Drillo Olsen

Med førstevalet sitt i mål ute og ein John Carew som kanskje må stå over kampen mot Danmark på grunn av skade må Egil Drillo Olsen gjera viktige val før EM-kvalifiseringskampen.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Viktig kamp

Hareide seier at dersom det var han som tok ut laget ville valet mellom desse vore Viking-målvakta:

– Han har litt meir rutine enn Bugge Pettersen og det er ein fordel for Jarstein, seier Hareide.

Jarstein seier sjølv at han er frisk og kampklar.

Kampen mot Danmark om 12 dagar er svært viktig for med tanke på å kvalifisera seg til EM i Polen og Ukraina i 2012. Så langt har Norge hatt tre strake sigrar i kvalifiseringa.

Norge ligg på topp

Gruppevinnaren og beste toar går rett til EM. Dei resterande toarlaga må ut i omspel om dei siste plassane.

Dette er stillinga i Norges gruppe:

1) Norge 9, 2) Portugal 7, 4) Danmark 6, 4) Kypros 1, 5) Island 0.

Portugal har spelt fire kampar, dei andre laga tre.

Dette er Norges gjenståande kampar etter Danmark-kampen: 4/6 Portugal borte, 2/9 Island heime, 6/9 Danmark borte, 11/10 Kypros heime.

VIDEO: Hareide om Viking - Rosenborg og Jarstein sin innsats

Video Åge Hareide