Hopp til innhold
Ødegaard Haaland
Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Fotball

  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Innbytter berget KFUM-poeng mot KBK etter sekunder på banen

    Mame Mor Ndiaye ble løsningen da KFUM Oslo stanget lenge hjemme mot Kristiansund i Eliteserien. Han satte inn 1-1 og ordnet uavgjort i søndagens kamp.

    KFUM Oslo ligger på 7.-plass i Eliteserien med 34 poeng, mens KBK på 11.-plassen har 31.

    I neste serierunde har Kristiansund en viktig hjemmekamp mot HamKam, mens KFUM gjester Sarpsborg. (NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • HamKam med stort steg mot forlenga eliteseriekontrakt: Slo Vålerenga 2–1

    HamKam kjempa seg inn til 2-1-siger over Vålerenga i Eliteserien. Dei tok med seg tre viktige poeng og gir klubben eit forsprang i nedrykksstriden i innspurten av sesongen.

    76 minutt var spelt da Ylldren Ibrahimaj dukka opp på bakre stolpe og nikket inn 2–1. Det sikra ein trepoengar som kan vere forskjellen på nedrykk og trygg plass ved sesongslutt.

    Med fem rundar att er det HamKam, Bryne og Strømsgodset som kjempar om den siste trygge plassen i Eliteserien. (NRK/NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Styrer mot sin beste sesong nokosinne: Vann 3–1 mot Molde

    Sandefjord vann 3–1 mot Molde, søndag.

    Edvard Sundbø Pettersen sette inn det fyrste målet for bortelaget alt etter seks minutt spelt.

    Etter 26 minutt utlikna Jalal Abdullai for Molde, men rett før pausen skåra Sandefjord att. I det 48. minutt skåra Vestfold-laget sitt tredje mål.

    Sandefjord ligg no på 5. plass i Eliteserien, og styrer difor mot sin beste sesong nokosinne.

    I 2009 hamna laget på ein 8. plass i serien.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Frederik Ringnes / NTB
Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
Video: Disney
Alessia Russo fikk æren av å sette inn Arsenals andre scoring mot Benfica i Mesterligaen.