Hopp til innhold

– Bønder bør få betre plass til gjødsel

Fleire bønder på Jæren får nå dispensasjon til å gjødsla på frosne jorde. – Til neste vinter bør bøndene få større lagringsplass for gjødsel, meiner Naturvernforbundet.

Fleire kommunar på Jæren får nå søknader frå bønder som gjerne vil spreie gjødsel på frosen mark på grunn av overfylte gjødselkummar. Kommunane fryktar at gjødsel på frosen jord kan renne ut i vassdrag.-men kan gjera unntak.

VIDEO: Bøndene vil gjødsle på frossen mark.

Erik Thoring

Erik Thoring i Naturvernforbundet meiner at bøndene bør vera betre rusta til neste vinter.

Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

Jærbladet skriv at både Hå og Time kommune har fått inn mange søknader frå bønder med fulle gjødselslager i sprengkulda.

– Etter påsken har me fått minst 35 søknader om å hevda på frosen mark, seier landbrukssjef i Hå kommune, Olav Magne Tonstad.

– Alle har fulle lager

Dette er bønder som ikkje har andre plassar å gjera av gjødsla, og derfor har også alle fått dispensasjon. Ein av desse er Anders Ueland.

– Denne våren kjem så seint at eg er heilt nøydd til å få ut noko lort. Alle andre har også fulle lager, det er derfor eg nå er inne på landbrukskontoret og søker om løyve, seier han til NRK.no.

Eigentleg skal ein ikkje gjødsla på frosen jord, sidan gjødsla kan renna ut i bekkar og vatn, i staden for å bli tatt opp av jorda.

Møkk på Jæren

Fulle gjødsellager gjer at mange bønder får dispensasjon til å gjødsla på frosne jorde.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Bør få større lagringsplass

Dispensasjonane gjeld derfor i hovudsak område langt frå vassdrag, men Naturvernforbundet liker likevel ikkje at det blir gjødsla for mykje.

Leiar i Rogaland, Erik Thoring, meiner at bøndene nå må byrja å rekna med denne typen seine vårar.

– Gjødslinga som skjer nå kan ein jo sjå på som nødverje, og truleg heilt nødvendig. Framover må ein likevel sjå på å få meir lagringsplass for gjødsel, bøndene må rett og slett kunna tola ein sein vår også i framtida, seier han.

Fleire kommunar på Jæren får nå søknader frå bønder som ønskjer å spreie gjødsel på frosen jord.

Her gjødslar bonde Anders Ueland på Varhaug.