Hopp til innhold

Minstepensjonist ville kjøpa klede for 38.000 – no skal butikktilsette på demens-kurs

Det blir fleire og fleire med demens i Noreg. No skal tilsette i 184 kommunar læra korleis møte dei på verdig vis.

Apoteker Morten Lindboe

Apotekar Morten Lindboe møter dagleg menneske med demens. Han meiner kurset er ein augeopnar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Me merkar det gjerne ved at dei gløymer kva dei har gjort for nokre minutt sidan, og spør om dei same tinga. Då gjeld det å vera hjelpsam og vennleg.

Apotekar Morten Lindboe møter dagleg menneske med demens.

Eg er meir merksam og tolmodig. Det har alle godt av å læra: Å bruka det minuttet ekstra slik at dei får ekstra hjelp i kvardagen.

Han er blant fleire butikktilsette som no har vorte kursa av Sola kommune i korleis dei skal behandla kundar som har sjukdommen.

Kurset opnar auga for kor mange som har demens, og kva me kan gjera for at det skal vera enklare for dei som kundar, seier Lindboe.

Tok med alle blomane frå butikken

Anne Grethe Vasbø i Flyt AS, næringsforeininga i Sola, fortel om mindre hendingar, som å ikkje finna bankkortet.

Men også større ting tilsette har handtert i møte med menneske med demens.

– Ein minstepensjonist ville kjøpa klede til 38.000 kroner. Ein annan gong tok ein med seg alle blomane frå ein daglegvarebutikk med største sjølvfølgje og gjekk ut.

Kursa skal rusta tilsette til å handtera slike hendingar på ein god måte.

Kurt Dyskeland, butikksjef Coop Mega på Sola

Kurt Dyskeland fortel at dei tilsette har hatt godt utbytte av å bli kursa i korleis dei skal møta menneske med demens på ein verdig måte.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Vegg i vegg med apoteket ligg Coop Mega. Også der har dei tilsette vore på kurs.

Eg tenkte at det ikkje var behov, for eg har ikkje opplevd nokon situasjonar sjølv. Men då var det fleire tilsette som sa «Jo, det er det», seier Kurt Dyskeland, butikksjef på Coop Mega Sola.

Sola kommune er ein av 184 kommunar som er såkalla demensvennlege. No skal endå fleire tilsette i servicenæringa bli kursa.

«Demensvennlig samfunn» er Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt program for å jobbe for meir demensvennlege lokalsamfunn.

Dei tilsette har fått igjen å vera meir tolmodige, lytta, og hjelpa så godt dei kan. Dei har vorte meir medvitne, seier Dyskeland.

Du kan sjå etter signal

Over 100.000 menneske i Noreg har demens i dag, og talet vil truleg dobla seg dei neste 20 åra, ifølgje Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Me veit at det er ein sjukdom som veks, og det er mange pårørande, så kunnskap og opplysning blir kjempeviktig, seier Lise Løland, hjelpepleiar og leiar i Sola demensforeining.

Ho seier at det ikkje er lett å sjå om ein person har demens.

Men du kan sjå etter signal, til dømes om dei slit med å betala eller handlar det same om igjen. Etter kurset kan du kanskje leggja merke til demens og vita kva du kan gjera.

På kurset får deltakarane sjå situasjonar og korleis dei kan løysast.

Les også Ting å gjøre når den man er glad i forsvinner

Kristin Volley og Liv Wold

Fleire og fleire får kursa

Kursa er viktig for at personar med demens skal kjenna seg trygge når dei går i butikken og bli møtte med respekt, seier Aina Ivesdal, demenskoordinator i Sola kommune.

Kursa er eit tett samarbeid med servicenæringa og demensforeininga.

Me ønskjer at personar med ein demenssjukdom skal kunna bu lengst mogleg heime, leva mest mogleg sjølvstendig og bli møtte på ein god måte med respekt og tryggleik i samfunnet, seier Ivesdal.

Aina Ivesdal, demenskoordinator i Sola kommune og Anne Grethe Vasbø, leder i Flyt As, næringsforeningen i Sola.

Aina Ivesdal, demenskoordinator i Sola kommune og Anne Grethe Vasbø, leiar i Flyt AS, næringsforeininga i Sola.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Vasbø i Flyt seier at det i starten var tungt å få med bedrifter. Etter kvart så fleire verdien i kursa.

Det er viktig for næringslivet fordi me vil vera med å bidra til at samfunnet blir betre. Det skal vera trygt å handla i Sola.

Førebels har rundt 50 tilsette i kommunen fått kursa, og fleire skal det bli.

Eg synest det er ein heilt naturleg del av det å yte god service i eit sentrum. Butikktilsette er veldig flinke. Dei får med seg at det er eit aukande problem, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg