Hopp til innhold

EIN MANN TEKEN ETTER VÅPENTJUVERI:

Væpna politi aksjonerte i dag mot ein bustad i Sandnes der dei tok ein mann i 30-åra, som er sikta for våpentjuveri på Ålgård. Det var i går sportsbutikken Magneten sport på Ålgård Amfi melde frå om eit tjuveri av to rifler som hadde skjedd i butikken si opningstid på måndag. Politiet har nå teke mannen dei trur står bak tjuveriet, i tillegg har dei funne ei av riflene på ein annan bustad i Sandnes. Den siste rifla veit dei framleis ikkje kor er, fortel lensmann i Gjesdal Kåre Birkeland.