Våpentjuveri på Ålgård

  • VÅPEN PÅ AVVEGE:

    Ei rifle er framleis på avvege etter våpentjuveriet frå Magneten Sport på Ålgård på måndag.

    Overvakingskameraet fanga opp at to rifler blei stolne i opningstida til butikken, og i går aksjonerte væpna politi mot fleire adresser i Sandnes og Gjesdal i samanheng med innbrotet. Gjerningsmannen har nå erkjent forholdet, og politiet har funne den eine rifla. Lensmannen i Gjesdal, Kåre Birkeland, seier at det er alvorleg når våpen er på avvege, og at dei framleis er på leit etter den siste rifla.

  • EIN MANN TEKEN ETTER VÅPENTJUVERI:

    Væpna politi aksjonerte i dag mot ein bustad i Sandnes der dei tok ein mann i 30-åra, som er sikta for våpentjuveri på Ålgård. Det var i går sportsbutikken Magneten sport på Ålgård Amfi melde frå om eit tjuveri av to rifler som hadde skjedd i butikken si opningstid på måndag. Politiet har nå teke mannen dei trur står bak tjuveriet, i tillegg har dei funne ei av riflene på ein annan bustad i Sandnes. Den siste rifla veit dei framleis ikkje kor er, fortel lensmann i Gjesdal Kåre Birkeland.

  • VÆPNA AKSJON PÅ ÅLGÅRD:

    Politiet aksjonerte klokka 12.00 mot eit bustadhus på Ålgård. Ifølgje Gjesdalbuen tok fire væpna politimenn seg inn i bustaden. Politiet seier til avisa at dei har teke ein mann i samanheng med eit våpentjuveri frå Magneten sport på Ålgård Amfi.