NRK Meny
Normal

Politiaksjon etter våpentjuveri

Politiet har teke ein mann, men leiter framleis etter ei rifle etter våpentjuveri på Ålgård.

Væpna politi aksjonerte i dag mot ein bustad i Sandnes der dei tok ein mann i 30-åra, som er sikta for våpentjuveri på Ålgård.

Det var i går sportsbutikken Magneten sport på Ålgård Amfi melde frå om eit tjuveri av to rifler som hadde skjedd i butikken si opningstid på måndag.

Sjekkar ut adresser

Politiet har nå teke mannen dei trur står bak tjuveriet, i tillegg har dei funne ei av riflene på ein annan bustad i Sandnes. Den siste rifla veit dei framleis ikkje kor er, fortel lensmann i Gjesdal Kåre Birkeland.

– Det er veldig viktig for oss å finna denne rifla. Me skal derfor sjekka ut fleire adresser, i tillegg til å gjera avhøyr av den sikta, seier Birkeland.

Ifølgje Gjesdalbuen tok politiet seg klokka 12 inn i ein bustad på Ålgård, men den aktuelle rifla var ikkje på denne adressa.