- Fleire i Fpu har visst om dette

FpU-medlemmar har i tre år kjend til påstandar om seksuell omgang mellom Trond Birkedal og ein mindreårig gut. Det seier eit sentralt Fpu-medlem til NRK.no.

Trond Birkedal

For berre to dagar sidan var Trond Birkedal Frp Stavanger sin ordførarkandidat. Nå er han under politietterforsking og har sagt frå seg alle verv.

Foto: Lise Marit Kalstad / NRK

Sjølv seier kilda til NRK at han for eit år sidan blei fortalt om eit overgrepet utført av Trond Birkedal. Dette er eit overgrep ei anonym kjelde i Dagbladet påstår skal ha skjedd i 2008.

– Kvifor gjekk du ikkje til politiet med opplysningane du hadde om dette overgrepet?

– Fleire medlemar i FpU har kjent til dette sidan det skjedde, ingen har gått til politiet tidlegare på grunn av frykt for Birkedal, seier den sentrale Fpu-aren.

Fortel om sex med Birkedal

Tilfellet kjelda seier dei har kjent til er historia til ein nå 17 år gamal gut, som var 15 år under Fpu sin sommarleir i 2008.

Guten fortel i dag til Dagbladet at han hadde sex med Trond Birkedal på eit hotellrom i samband med leiren.

– Eg var full, og mista dei eg var saman med. På eitt eller anna vis dukka Trond opp. Han drikk jo ikkje. Så spurte han om eg ville vera med til Christiania hotell og sova der, seier 17-åringen til avisa.

– Lettare å stå fram

Nå sit Trond Birkedal, som frå 2002 til 2008 var formann i Fpu, varetektsfengsla med brev- og besøksforbod. Grunnlaget er at politiet siktar han for å ha snikfilma ein naken 19 år gamal gut på badet sitt heime.

Denne siktinga blir i dag klokka 12.00 truleg utvida til å gjelda utuktig åtferd mot fleire personar.

Det sentrale medlemet i Fpu seier at han trur alle eventuelle hendingar av denne typen nå vil koma opp:

– Etter at etterforskinga mot Trond Birkedal blei sett i gang, og saka om 19-åringen kom opp i media, er det nok nå mykje lettare å stå fram. Eg trur nok alt vil bli rulla opp nå, seier han.

Kontakta ikkje partiet

Han sjølv har aldri kontakta Frp sentralt om informasjonen han har hatt om Birkedal eller om mistankar. Han kjenner heller ikkje til at andre har gjort dette:

– Birkedal er ein maktperson med stor tillit frå fleire i partiet, for ein ungdom i eit ungdomsparti vil det vera svært vanskeleg å gå til moderpartiet med slike påstandar.

Flere andre sentrale medlem i Fpu som NRK har vore i kontakt med meiner at det ikkje er dårleg kommunikasjon mellom Fpu og moderpartiet Frp.

Tilbakevisar påstandar

Formann, Ole Michal Erland, av Fpu Haugaland, seier at han heller aldri har høyrt rykter om at Birkedal skal ha hatt seksuell omgang med mindreårige.

- Dette har aldri vore eit tema, seier han.

Birkedal skal nå ha innrømma at han har snikfilma ein 19-åring i dusjen på badet sitt.

Flere nyheter fra Rogaland