Hopp til innhold

– Dette vil blåsa over før valet

Politisk kommentator i NRK, Kyrre Nakkim, trur ikkje at Birkedal-saka vil øydeleggja for Frp i kommune- og fylkestingsvalet til hausten. – Men visse skadar har det unekteleg gjort, seier han.

Kyrre Nakkim

Kyrre Nakkim meiner at det først og fremst er Stavanger Frp som kan bli råka av siktingane mot Framstegpartiets Trond Birkedal.

Foto: Halvard Sandberg / NRK

Når 31 år gamle Trond Birkedal har sagt frå seg alle verv i Frp, er det ingen kven som helst som forsvinn ut frå valkampen i Stavanger.

– Ei stjerne

Den tidlegare ordførarkandidaten, som nå er sikta for å ha snikfilma ein naken mann i dusjen, blei av mange sett på som ein svært lovande politikar:

– Han har blitt sett på som ei komande stjerne og for partileiar Siv Jensen har han vore ein politikar ho kan stola på, seier politisk kommentator i NRK, Kyrre Nakkim.

Han viser til at Siv Jensen gir Birkedal tunge oppgåver, som då han nyleg i eit debattprogram i NRK1, om Midtausten, var den utsende som skulle forsvara Framstegspartiets politikk.

– Birkedal ville heilt klart ha vore ein statsrådkandidat om Frp skulle koma i regjering, seier Nakkim.

Trond Birkedal

Trond Birkedal (31) blei sett på som ei komande stjerne i Framstegspartiet, seier NRK sin politiske kommentator.

Foto: FrP

Snikfilming på bad

Men over natta blei alt dette snudd på hovudet. Birkedal blei søndag kveld satt i politiets arrest, medan politiet ransaka heimen hans og gjorde mellom anna beslag på datautstyr.

Det var eit tidlegare Fpu medlem på 19 år, som melde han til politiet. Han påstår at Birkedal har snikfilma han i dusjen.

Politiet har teke ut sikting, og seier at dei har vore i kontakt med fleire personar, noko som gjer det sannsynleg at siktinga vil bli utvida .

Dermed tyder mykje på at Birkedal sin politiske karriere er død. Men Nakkim meiner at saka ikkje vil råka partiet i stor grad:

– Kan få lokale konsekvensar

Siv Jensen

Siv Jensen seier til NRK.no at ho er trist og lei seg for det som har skjedd.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Det står ikkje i partiprogrammet til Frp at du skal filma nakne menn, saka vil først og fremst hefta ved person, ikkje part, seier han.

Til hausten er det kommune- og fylkestingval. Nakkim trur ikkje at situasjonen partiet nå har hamna i vil påverka valresultatet.

– Sidan saka er personleg, og det ikkje handlar om personleg vinst trur eg nok at dette vil blåsa over før valet. Det kan få konsekvensar i Stavanger, men det kjem an på korleis dei løyser saka lokalt.

Lokallaget har ni dagar på seg til å velja ein ny listetopp, eit arbeid dei tysdag alt er i gang med.

Realistisk med «comeback»

– Det blir spanande å sjå på ordførarvalet i Stavanger. I ein gitt situasjon kunne det vore slik at Frp kunne fått fleire stemmar enn Høgre, og dermed prøvd å få ordførarvervet. Då ville det vore avgjerande kven som fronta partiet. Og dette hadde nok vore ei oppgåve Birkedal kunne meistra bra.

Sjølv om det ikkje kan skje før dette valet, ser ikkje Nakkim det som urealistisk at Birkedal kan få eit politisk «comeback».

– Dersom det viser seg at påstandane er fullstendig usanne, og han kjem heilt reinvaska ut av dette, finnes det ein veg tilbake. Me hugsar til dømes «comebacket» til Søviknes, seier Nakkim.