Hopp til innhold

Birkedal blir varetektsfengsla

Frp-politikar Trond Birkedal må to veker i fengsel med brev- og besøksforbod. Siktinga om utuktig atferd vil også truleg bli utvida til å gjelda fleire enn ein person.

Trond Birkedal

Frp sin tidlegare ordførarkandidat i Stavanger, Trond Birkedal, har sagt frå seg alle verv i partiet. Nå er han varetektsfengsla.

Foto: Johansen, Geir Otto / SCANPIX

I ei pressemelding tysdag ettermiddag skriv politiet at Birkedal sjølv har samtykka til varetektsfengslinga, etter eit nytt avhøyr i dag.

Det vil også bli utarbeida ei ny sikting i saka, dette med bakgrunn i tips politiet har fått i dag.

– Me har fått inn opplysingar som kan tyda på at det er fleire fornærma i saka, seier politiadvokat Martin Fredrik Soma til NRK.no.

Siktinga som nå gjeld går ut på at Birkedal skal ha snikfilma ein mann i dusjen på badet sitt. Den nye siktinga vil først vera klar i morgon.

Det er på 31-årsdagen sin at politikaren blir varetektsfengsla, og på facebook-profilen hans har støtteerklæringane strøyma inn .

Med ordførarkandidaten sin ute må Stavanger Frp nå finna ny ordførarkandidat .