NRK Meny
Normal

Dette må du vite om dieselforbodet i Oslo

Frå tysdag 17. januar blir det forbode for dieseldrivne køyretøy å ferdast på kommunale vegar i Oslo. Det er uvisst kor lenge forbodet varer. Her får du ei innføring i kva du bør vite om forbodet dersom du har dieselbil.

Fotgjenger blant eksos fra biler

Det er varsla akutt høg luftforureining dei neste dagane i Oslo.

Foto: Bob King / AP

Miljø- og samferdselsbyrå Lan Marie Nguyen Berg avblåser dieselforbudet

Når gjeld forbodet?

Frå tysdag 17. januar mellom klokka 06.00–22.00 er det forbode for dieselbilar å ferdast på kommunale vegar i hovudstaden. Årsaka er høg luftforureining.

Forbodet mot ferdsel med dieselbil kjem til å vare heilt til Bymiljøetaten vurderer at behovet ikkje lenger er til stades.

Truleg vil forbodet vare i om lag to dagar. Prognosane tydar nemleg på ein meir ustabil vêrtype frå torsdag 19. januar, noko som truleg vil gjere forureininga mindre akutt.

Men dette er det til sjuande og sist Bymiljøetaten som bestemmer. Du kan følge med på Bymiljøetaten sine nett- og facebooksider for å oppdatere deg om forbodet framleis er gjeldande.

Kva risikerer du dersom du ignorerer dieselbilforbodet?

Du risikerer å få eit gebyr på 1500 kroner dersom du likevel køyrer dieselbil i løpet av dieselbilforbodet. Det er politiet og Statens vegvesen som skal handheve forbodet.

Kven gjeld forbodet for?

Alle dieseldrivne køyretøy som ikkje kan dokumentere eit av unntaka under.

Desse kan køyre likevel

  • Tunge køyretøy som nyttar Euro VI-teknologi.
  • Bilar klassifisert som diesel ladbar hybrid og som har ei elektrisk rekkevidd utan bruk av forbrenningsmotor på minimum 40 kilometer.
  • Køyretøy som skal brukast i næringsverksemd og som kan dokumentere køyrebehov den aktuelle dagen, til dømes dei som leverer varer til Oslo.
  • Pasienttransport, det vil seie transport av pasientar til eller frå sjukehus eller lege.
  • Køyretøy som brukast i offentleg teneste.
  • Køyring til og frå ferjetransport. Unntaket er meint å gjelde dei som skal ha med bilen på ferja, samt dei som har parkert bilen ved ferjeleiet før borbodet vart gjeldande.
  • Bilar som transporterar ein flyttingshemma person og har gyldig parkeringsløyve for flyttingshemma (HC-kort).
  • Kollektivtrafikk
  • Køyretøy med persontransportløyve.
  • Diplomatbilar.

Kvar gjeld forbodet?

Køyreforbodet gjeld heile det kommunale vegnettet, inkludert Ring 2. Dette betyr dei fleste gater og vegar i Oslo.

Kvar kan du køyre med dieselbil?

På desse vegane er det lov å køyre med dieselbil:

  • Ring 3
  • E6
  • E18
  • RV 4 Trondheimsvegen
  • RV 163 Østre Aker veg
  • RV 190 Strømsveien
  • Delar av Ring 1, det vert skilta der forbodet gjeld.

Bymiljøetaten har laga eit oversiktskart over vegane med dieselbilforbod.

Her er eit kart over kvar du faktisk har lov å køyre med dieselbil:

Laster kart, vennligst vent...

Her kan du køyre med dieselbil under forbodet.

Kvifor kjem det eit forbod?

Ifølgje Bymiljøetaten, er det enkelte dagar på vinterhalvåret at forureininga blir så høg frå eksos i Oslo at barn med luftvegsjukdomar og vaksne med alvorlege hjarte-, kar- eller luftvegssjukdomar ikkje bør ferdast ute i dei mest forureina områda.

Dieselbilar har det høgste eksosutsleppet av No2.

Høg luftforureining skjer når det oppstår sokalla temperaturinversjon. Dette skjer når det er varmare luft i høgare strøk, til dømes Tryvann, enn det er nede i byen. Den kalde lufta er tyngre enn varm luft, og den varme lufta blir liggande som eit lok over den kalde. Når det i tillegg er lite eller ingen vind bidreg det til svært liten utskifting av luft.

Formålet med dieselforbodet er å betre luftkvaliteten og med det avgrense helsebelastninga.

Du kan heile tida overvake luftkvaliteten der du måtte opphalde deg på Luftkvalitet.info.

Rushtid

Det er i rushtida om morgonen og tidleg kveld at luftkvaliteten er på det dårlegaste.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX