Hopp til innhold

Vil bygge vindturbinar i Aremark: Trekker seg som leiar etter usemje

Leiar for Aremark Senterparti trekker seg grunna vindkraftplanar i kommunen. Men ordføraren garanterer ikkje at planane blir realiserte.

en bonde

Tidlegare leiar for Senterpartiet Aremark Anders Brynildsen seier han ikkje er mot vindmøller alle stader alltid, men at Aremark ikkje er rett stad for det.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

– Saman med mange av naboane mine så ønsker eg ikkje vindmøller i nærområdet vårt, noko som vil redusere livskvaliteten og verdien på eigedomane våre, seier Anders Brynildsen.

Debatten om vindturbinar i Aremark kommune i Østfold har blussa opp den siste tida.

Tysdag blei det fleirtal i formannskapet i Aremark for å gå vidare med planane om vindkraft i tre område i kommunen.

Arbeidarpartiet (Ap) Senterpartiet (Sp) og Kristeleg Folkeparti (KrF) stemte for, mens Høgre stemte mot forslaget.

Vedtaket gjorde at Brynildsen trekte seg som leiar i Aremark Senterparti.

– Eg synest det blir vanskeleg å både vere leiar i Aremark Senterparti, og gå i bresjen for denne motstanden. Det trur eg verken eg eller partiet har noko godt av.

Skal greie ut tre vindkraftområde

Ordførar Håkon Lofthus Tolsby (Sp) synest det er beklageleg at Brynildsen trekker seg frå leiarvervet.

– Eg snakka med Anders førre veke og anbefalte at han blei verande som leiar. Eg trur det er viktig i eit parti at ein har ulike meiningar.

Ordfører i Aremark, Håkon Tolsby.

Håkon Lofhus Tolsby er ordførar i Aremark. Han meiner det må vere rom for å ha ulike meiningar om å bygge vindkraft i kommunen.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Men vedtaket i formannskapet var ikkje eit ja til å bygge ut noko som helst, ifølge ordføraren.

– Det vi har sagt ja til er at kommunedirektøren kan ta eit oppstartsmøte med dei som har vist interesse for vindkraft i kommunen. Verken meir eller mindre, seier Tolsby.

– Så vil det komme ei konsekvensutgreiing, saka kjem tilbake igjen til formannskap og kommunestyret når ein har fått meir informasjon. Kommunestyret kan seie nei til dette tre–fire gonger i løpet av prosessen, legg han til.

Les også Nytt NVE-nei til vindkraft i Aremark

Vindmøller

Vil unngå uvennskap

Planane om vindkraft i kommunen kjem litt over ti år etter at dei først planane hamna på dagsorden i Aremark. Da blei svaret til slutt nei til utbygging i Vestfjella, både av kommunestyret, NVE og Olje- og energidepartementet.

Men prosessen vekte harme. Anders Brynildsen (Sp) håpar å unngå dette nå.

– Eg har forstått at dette var frykteleg vondt og at såra ikkje har grodd enda. Derfor er det ekstra trist at dette kjem opp nå igjen.

Ordføraren meiner folk i Aremark må kunne klare å ha vanskelege saker til behandling utan å bli uvenner.

– Det er veldig viktig at vi klarer å ha ein god tone og klarer å diskutere vanskelege saker. Får vi ikkje til det har vi eit demokratisk problem, meiner eg.

Framleis medlem av Senterpartiet

Brynildsen understrekar at han framleis vil vere ein medlem av Senterpartiet, og at han på ingen måte har tenkt å melde seg ut av Senterpartiet, eller motarbeide det på nokon måte.

– Eg er lojal mot Senterpartiet, eg. Men eg må velje kampane mine, og går i forsvar for mine eigne og eigedommane til naboane og nærområdet i første omgang.

Les også Forseinkingar i arbeidet med Noregs atomavfall: – Skuffa over framdrifta

Atomreaktor Halden.