Hopp til innhold

Rekordfå søkjarar til lærarutdanning: – Betyr at vi ikkje rekrutterer dei beste

13 studiestader har færre søkjarar enn plassar på lærarutdanninga. Lærarstudenten Tuva Skogli (24) meiner det snakkast for negativt om yrket.

Tuva Skogli

STUDENT: Lærarstudent Tuva Skogli har fått med seg dei dårlege søkjartala. Ho meiner dei har mykje teori og for lite praksis på skulen.

Foto: Privat

– Det er eit givande yrke, og eg er glad i å jobbe med menneske, seier ho.

24-åringen har eitt år igjen av studiet ved Høgskulen i Volda. Snart ventar den første jobben hennar i skulen.

Skogli har fått med seg at færre no vil bli lærarar.

– Eg tenkjer at det er veldig synd. Det er eit viktig yrke og vi treng lærarar. Mange av utfordringane har eg sjølv kjent på under praksistida mi, seier ho.

Aldri før har det vore så få søkjarar til lærarutdanningane i Noreg, viser oppdaterte tal frå Samordna opptak.

  • I 2019 hadde 13.982 personar lærarutdanning på førsteplass i søknaden
  • I 2021 var det 12.288 personar
  • I 2023 hadde talet gått ned til 8.613

Tala gjeld for alle typar lærarutdanning i Noreg, frå barnehage, via grunnskule og vidaregåande og opp til yrkesfag.

Den sterke nedgangen gjer Skogli bekymra.

– Når det blir snakka så mykje negativt om læraryrket, så skjønner eg at folk bli skeptiske.

– Det har også mykje å seie at media er med på å gi eit meir rettvist bilete av lærarjobben, seier ho.

Fryktar «praksissjokk»

Sjølv om fleire studiestader har færre søkjarar enn plassar, kan situasjonen endre seg fram mot skulestart. Det er mellom anna mogleg å søkje på restplassar.

– Når det er fleire ledige plassar enn førsteplass-søkjarar, betyr det at vi ikkje rekrutterer dei beste.

– Dei studerer heilt andre stader, seier professor Thomas Nordahl ved Høgskolen i Innlandet.

Skoleforsker Thomas Nordahl

Professor Thomas Nordahl ved Høgskolen i Innlandet.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Han meiner utdanningsløpet må bli meir attraktivt og at det må tenkjast nytt.

– Vi må unngå at studentane får det som internt er kjent som «praksissjokket».

– Utdanninga må bli meir praksisretta, slik at fleire kjenner seg klare for yrket i større grad, seier Nordahl.

Interesseorganisasjonen Universitets- og høgskulerådet (UHR) trur ikkje problemet ligg i at lærarstudiane er for teoriprega. Dei meiner ei slik forklaring blir for enkel.

– Det er fleire faktorar som spelar inn, som statusen til læraryrket, streiken som mange har fått med seg og snakk om disiplinproblem i skulen, seier styreleiar Sunniva Whittaker.

Les også Lærere utsatt for vold: – Føler det ikke er trygt å være på jobb

Knut Raknerud Olsen

Studiestadane

Studenten Tuva Skogli nikkar stadfestande til at ho truleg ikkje er så godt rusta for jobben som ho skulle ønskt.

– Eg saknar å kunne lære meir om dei sidene som ikkje handlar om faga, men om samarbeidet med heimen. Det er viktig og for lite fokus på sånne ting. Det kan bli eit sjokk, seier ho.

– Det er ein del teori og for lite praksis.

Sunniva Whittaker

Styreleiar Sunniva Whittaker for Universitets- og høgskulerådet (UHR). Ho er også rektor ved Universitetet i Agder.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

På OsloMet er det for første gong fleire ledige studieplassar enn søkjarar ved lærarutdanningane. Det same gjeld for Høgskolen i Østfold.

Whittaker, som også er rektor ved Universitetet i Agder, meiner utviklinga er krevjande for fleire.

– Vi må sjå heilskapleg på dette, og analysere årsaka til denne nedgangen skikkeleg. Til slutt er dette eit samspel mellom skulane og styresmaktene, seier ho.

Internasjonal trend

Kunnskapsdepartementet seier dei er opptekne av tett dialog med skulane for å løyse situasjonen med tomme plassar ved skulestart.

– Årsaksforholdet er komplekst, og vi vil åtvare mot ein debatt som legg sterk vekt på enkeltfaktorar og enkle løysingar, seier statssekretær Oddmund L. Hoel (Sp).

I fleire distrikt har det vore snakk om ei lærarkrise.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel (Sp).

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund L. Hoel (Sp).

Foto: Ragne B. Lysaker

Regjeringa har totalt gitt 22 millionar kroner til Høgskolen i Vestlandet for å leie eit nasjonalt prosjekt om å få fleire lærarar til skulen.

– Å skaffe meir kunnskap om korleis vi kan rekruttere fleire inn i læraryrket blir eitt av fleire viktige grep vi må ta framover, seier Hoel.

Den negative trenden er ikkje unik for Noreg, seier statssekretæren.

– Vi ser at dette er ein internasjonal trend. Også nabolanda våre og andre europeiske land har opplevd ein nedgang.

Tenker du på noe?

Hei!

Har du lyst til å tipse meg om en mulig sak? Ta gjerne kontakt på e-post.