Hopp til innhold

Politiet dyrka fram eige bevismateriale: – Måtte finne ut kva slags sopp det var

Psykedelisk sopp vart dyrka inne på politistasjonen i Halden. No er ein mann dømd for storstilt produksjon.

Sopp dyrket av politiet for å påvise narkotiske stoffer.

Det lokale politiet dyrka fram over 40 gram tørka sopp per dyrkingssett inne på politistasjonen i Halden.

Foto: Politiet

Midt under koronapandemien køyrde to menn inn i Noreg over ein ubemanna grenseovergang i Østfold.

Sidan det var strenge innreise­restriksjonar på dette tidspunktet, fatta Tolletaten interesse.

Då dei stansa bilen i Halden sentrum, låg det 55 sett for dyrking av sopp i bagasjerommet.

– Vi måtte finne ut kva slags type sopp dette var, og om det inneheldt narkotisk stoff, seier politioverbetjent Vidar Andersen.

Trelitersdunker med tørket sopp.

55 dyrkingssett vart funne i bilen som vart stoppa i Halden sentrum.

Foto: Politiet

Dyrka på politistasjonen

Politiet fann fram instruksjonane som følgde med, og sette i gang med soppdyrking inne på politistasjonen.

For å kvalitetssikre resultatet vart den same dyrkingsjobben også gjort hos Kripos i Oslo.

– Ingen av dei hadde noka erfaring med soppdyrking frå før, står det i dommen frå Søndre Østfold tingrett.

Sopp dyrket på politistasjonen i Halden

Totalt beslagla politiet meir enn 50 soppdyrkingssett frå bilen som vart stansa av Tolletaten i Halden i 2021.

Foto: Politiet

Politiet dyrka fram soppen i boksar, tørka han og vog deretter opp kor mykje dei fekk ut av kvart enkelt sett.

Haldenpolitiet fekk eit gjennomsnittleg utbytte på 41,55 gram per sett. Kripos måtte nøye seg med rundt 27 gram, ifølgje dommen.

– Kripos fekk fram litt mindre mengder enn det vi gjorde på Halden politistasjon, så vi har nok litt meir grøne fingrar, seier politioverbetjent Vidar Andersen.

Vidar Andersen

Politioverbetjent Vidar Andersen.

Foto: Odd skjerdal / NRK

Ulovleg å skaffe

I dommen kjem det fram at politiet dyrka fram sopparten psilocybe cubensis, også kjent som cubafleinsopp.

Den inneheld virkestoff som kan gi hallusinasjonar, endra røyndoms­oppfatting, endring i kjensler og sanseopplevingar.

Fleinsopp er ulovleg i Noreg, og blir rekna som eit narkotisk stoff. Både å skaffe det, oppbevara det og å bruke det er forbode.

Sjølv om soppen er ulovleg, er han eit relativt harmlaust rusmiddel.

– Fleinsopp er ikkje giftig eller vanedannande, men rusen kan vere svært mentalt krevjande, skriv Rusopplysningen.

lzHzvkFRPQQ

Tørka cubafleinsopp avbilda på eit laboratorium i Portland i delstaten Oregon i USA.

Foto: Robyn Beck / AFP

Fleire kilo tørka sopp

Politiet meiner mannen som sat i passasjersetet i bilen som vart stansa i 2021 er hovudmannen i saka.

Då politiet ransaka bustaden hans i Follo, vart det avdekt eit rom der det gjekk føre seg storstilt soppdyrking med same utstyr som vart beslaglagt i Halden.

Frå 2020 til november 2021 finn retten det bevist at han dyrka eller mogleggjorde dyrking av 3,3 kilo tørka sopp.

Ein normal brukardose blir anslått å vere rundt 2 gram tørka sopp, ifølgje spesialist i klinisk farmakologi Jan Toralf Fosen.

Dersom dette anslaget blir lagt til grunn, skal mannen ha dyrka fram meir enn 1600 brukardosar.

Dyrkingsrom hvor det ble dyrket store mengder psykadelisk sopp

Då politiet ransaka bustaden til mannen fann dei eit produksjonsrom for dyrking av sopp.

Foto: Politiet

Dømt for dyrking og sal

Mannen har forklart at han er ein del av eit miljø med eit andeleg fokus.

Han erkjende straffskuld for store delar av tiltalen då han møtte i Søndre Østfold tingrett i oktober.

No er han dømd til to og eit halvt års fengsel for å ha dyrka og selt den ulovlege soppen, og for å ha oppbevart og selt LSD og ketamin.

Han er også dømd til inndraging av 350.000 kroner.

Fleire involverte

Mannen som køyrde bilen som vart stoppa i Halden fekk si sak opp for retten i fjor sommar. Han vart dømd til fengsel i eitt år og inndraging av 55 soppdyrkingssett.

Ein annan mann, som delte bustad med hovudmannen, er dømd til ­samfunns­straff for medverknad til soppdyrkinga.

Han erkjenner å ha visst kva som gjekk føre seg på dyrkingsrommet, men nektar for å ha medverka til produksjonen.

NRK har vore i kontakt med forsvararane til hovudmannen og mannen som nyleg vart dømd for medverknad. Dei ønskjer ikkje å kommentere saka.

Les også «Promillegrensen» for cannabis: – Kan virke urettferdig

To politibetjenter gjennomfører en promillekontroll på veien.

Les også Frykter hundrevis har blitt uriktig dømt for ruskjøring

XttZgoRCNDQ