Hopp til innhold

Krev avklaring om forbod for tømming av kloakk i Oslofjorden

Verdens naturfond meiner det er på høg tid at eit forbod for tømming av kloakk frå fritidsbåtar i Oslofjorden blir innført.

WWFs marinbiolog og havekspert Fredrik Myhre.

Marinbiolog og leiar for havteamet i WWF Verdens naturfond Fredrik Myhre meiner eit forbod mot å tømma septik frå fritidsbåtar i Oslofjorden burde vore på plass for lenge sidan.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er eg heilt for. Oslofjorden er såpass forureina som han er, seier Thore Falknor.

Han gjer klar båten sin til sjøsetting på Kråkerøy i Fredrikstad. Der er båteigarane stort sett positive til eit forbod mot tømming av septik i sjøen.

Han pusser og gjør i stand båten.

Thore Folknor er positiv til eit forbod mot å tømme septik frå fritidsbåtar.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

– Men det eg synest er viktig er at det må på plass mange fleire tømmingsstasjonar rundt omkring. Det er manko overalt, seier han.

Klima- og miljødepartementet har sidan januar vurdert å innføre eit forbod. Men dei har førebels ikkje konkludert med noka endring i regelverket.

Det meiner WWF Verdens naturfond er for dårleg.

– Eit forbod mot tømming av septik i Oslofjorden og langs heile landet burde vore på plass for lenge sidan og det er på høg tid no at dagens regjering får på plass eit sånt forbod, seier Fredrik Myhre, leiar for havteamet i WWF.

Les også Nektes å dumpe forurensede masser ved ferieparadis

Dronefoto av innseilingen til Borg havn.

Veit ikkje kor god effekt det vil gi

WWF har forståing for at det kan ta tid å få på plass eit forbod.

– Vi må leggje ei tidslinje for når forbodet skal tre i kraft. Sånn at vi slepp å få meir septik ut i fjorden vår, seier Myhre i WWF.

I dag er det eit forbod mot utslepp av kloakk nærare enn 300 meter frå fastlandet og øyar.

Enkelte kommunar har innført eigne reglar. Ifølgje Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratets utgreiing er det usikkert om båteigarane kjenner til reglane.

Pusser og gjør i stand båt.

Båteigar Stian Rekvin meiner det er fordelar ved å samla opp kloakken frå fritidsbåtar.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

– Eg trur båtfolket slepp ut ein veldig liten del, men på ein annan måte så er eg vel «fan» av at vi bør få samla det opp, seier båteigar Stian Rekvin.

Sjøfartsdirektoratet og Miljødirektoratet har nyleg greidd ut eit forbod mot utslepp av septik frå fritidsbåtar i Oslofjorden. Dei skriv i rapporten at dei ikkje veit kor mykje septiken påverkar miljøet i Oslofjorden.

Samtidig slår dei fast at septik frå båt utgjer ein liten del av den totale mengda av organisk materiale og næringssalt som blir tilført Oslofjorden.

«Vi har dermed ikkje grunnlag til å fastslå at eit forbod mot tømming av septik vil betre miljøtilstanden i vesentleg grad», innrømmer dei.

Les også Ferge-kaos på Hvaler: Kan ikke legge til ved fire av sju stoppesteder

Den nye fergen til Hvaler

Tilrår forbod

I utgreiinga blir det tilrådd å lage eit regelverk med forbod.

– Det er lagt fram to forslag i ei utgreiing som er ute til vurdering i departementet, skriv Maria Varteressian (Ap) i politisk rådgivar i Klima- og miljødepartementet.

– Dessverre kan vi ikkje seie noko om det enno, svarer kommunikasjonssjef Jon Berg i ein e-post på spørsmål om når dei forventar å ha ei avgjerd på plass.

Les også Kan bli ulovlig å slippe ut kloakk fra fritidsbåter i Oslofjorden: – Båtfolk må også betale

Båt i Oslofjorden.