Hopp til innhold

Desse skal løyse busskrisa: – Har høg prioritet

Snart kan bussar frå Sverige og Danmark ta over delar av bussrutene i Nedre Glomma.

busskontroll hafslund

Denne bussen har køyrt på danske vegar sidan 2010. No blir den sjekka og kontrollert for mogleg bruk i Noreg.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

– Det er minimalt med ventetid og har høg prioritet, seier Øystein Gudin, fagleg leiar ved trafikkstasjonane i Hafslund og Mysen.

På Hafslund trafikkstasjon jobbar han med å sjekke bussane, som har kome for å redde busstilbodet i Nedre Glomma.

Rundt 30 bussar frå Sverige og Danmark er henta inn for å kunne ta over delar av rutetilbodet.

No har dei høg prioritet, samanlikna med alt anna som skjer så er det minimalt med ventetid, seier Gudin.

busskontroll hafslund

Nils-Henrik Pedersen er overingeniør i Statens vegvesen. Han kontrollerer bussane som har kome til Hafslund.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Før bussane frå nabolanda våre kan takast i bruk, må dei godkjennast av Statens vegvesen.

Samferdselsdepartementet ga beskjed om at dei skulle prioriterast høgt. Så det blir fortløpande jobba med det som kjem, seier Gudin.

Busstilbodet i Nedre Glomma-regionen er kraftig redusert etter at åtte bussar blei totalskadde i brann.

Brann Sarpsborg

I januar blei fleire bussar totalskadde i Sarpsborg.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

22. januar tok ein gassbuss fyr på ein oppstillingsplass for bussar i Sarpsborg.

Brannen spreidde seg raskt til fleire bussar. Same dag blei alle rutebussar, med unntak av skulebussane, innstilte.

Les også Bussbrannen i Sarpsborg: – Vi har nokre hypotesar

Bussbrann Sarpsborg

Fleire godkjente bussar

Sidan har busstilbodet i Nedre Glomma-regionen vore kraftig redusert.

busskontroll hafslund

Øystein Gudin i Statens vegvesen seier dei prioriterer å kontrollere bussane frå Sverige og Danmark.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Ifølge lokalavisa Fredriksstad Blad har fleire bussar som no har kome frå nabolanda våre, blitt godkjente for bruk.

– Om Nobin held fram å levere bussar i same tempo, og om dei er i like god stand, så vil eg tru vi kan bli ferdige før påske, seier Gudin til avisa.

Bussane dei så langt har undersøkt har vore i relativt god stand, seier han til avisa.

Les også Taxibransjen opplever enorm pågang: – Telefonane er rødglødande heile dagen

Kundebehandler taxisentralen