Hopp til innhold

Viruset ved Drammen sjukehus kan smitte lettare

Ein eldre pasient som vart smitta ved ortopedisk avdeling, døydde laurdag på ein sjukeheim, sannsynlegvis som følge av koronasjukdom, ifølge Vestre Viken.

Drammen sykehus

24 pasientar har sidan 2. januar blitt smitta i forbindelse med innleggelse ved ortopedisk avdeling på Drammen sjukehus.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

Koronaviruset som er brote ut ved ortopedisk avdeling på Drammen sjukehus, kan sjå ut som ein mutert versjon. Det skriv Vestre Viken i ei pressemelding tysdag kveld.

Så langt har totalt 24 pasientar blitt smitta av viruset, etter at dei vart innlagd på ortopedisk avdeling der.

Folkehelseinstituttet har sjekka opp i og analysert den varianten av viruset som er funnen ved avdelinga, og seier det er haldepunkt for at det kan vera ein mutert versjon, som gjer at ein lettare blir smitta. Den viser derimot ikkje teikn til at ein blir meir sjuk av det viruset, enn av det «vanlege».

Dei veit framleis ikkje korleis smitten har komen seg inn på sjukehuset, og seier i pressemeldinga at dei som jobbar der har brukt smittevernutstyr, slik retningslinjene seier.

Kan snart starte i drift igjen

Alle pasientar som har blitt smitta ved sjukehuset, og som er skrivne ut, blir følgt tett opp av både sjukehuset og kommunen deira. Så langt er to av pasientane lagt inn igjen på sjukehuset på grunn av koronasjukdomen.

Lisbeth Sommervoll, klinikksjef på medisinsk klinikk ved Sykehuset i Vestfold

Administrerande direktør i Vestre Viken, Lisbeth Sommervoll, seier dei ikkje har oppdaga skjult smitte etter massetestinga av tilsette der.

Foto: Kathrine Krømke / NRK

Smitteutbrotet ved Drammen sjukehus starta truleg 2. januar, og har ført til at både pasientar og tilsette ved sjukehuset har blitt både smitta og sett i karantene.

Foreløpig er heile den ortopediske avdelinga stengd ned og ute av drift, men administrerande direktør i Vestre Viken, Lisbeth Sommervoll, trur dei kan starte opp att frå måndag neste veke.

Etter ei massetesting ved sjukehuset, der dei testa over 3000 tilsette, har dei ikkje funne noko skjult smitte.

Ikkje overraska

Kommuneoverlege i Drammen, John David Johannessen seier han ikkje er sjokkert over at FHI trur viruset kan vera ein mutert versjon.

John David Johannessen, kommuneoverlege Drammen

Kommuneoverlege i Drammen, John David Johannessen, seier utbrotet ved Drammen sjukehus har nokre likskapstrekk med utbrotet på Fjell bo- og servicesenter.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Smitten spreidde seg veldig fort, og det vart veldig stort før ein fekk oppdaga utbrotet. Det gjorde at me kunne trekke parallellar til utbrotet ved Fjell bo- og servicesenter. Der var det også mange som vart sjuke, lenge før smitten vart oppdaga.

Ved sjukeheimen der har totalt 17 bebuarar mista livet, etter det største sjukeheimsutbrotet så langt.

FHI har analysert viruset der og, og ser at det er ein variant som ein har fleire plassar i landet, og som har vist seg å smitte raskare nokre stader, samt at den kan vera vanskeleg å få kontroll på, ifølge smittevernoverlege Einar Sagberg.