Største sjukeheimsutbrotet så langt

Så langt har elleve personar mista livet etter å ha blitt smitta av covid-19 på Fjell bo- og servicesenter. No skal det undersøkast om viruset der har mutert.

Fjell bo- og servicesenter

44 prosent av bebuarane på avdelinga til sjukeheimen som er ramma har mista livet etter å ha blitt smitta av viruset.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Ein superspreiar eller eit mutert virus, er to av teoriane til kvifor så mange har blitt smitta og døydd av koronaviruset ved sjukeheimen på Fjell i Drammen kommune.

John David Johannessen, kommuneoverlege Drammen

Kommuneoverlege i Drammen, John David Johannessen, seier det er fleire teoriar ute og går om kvifor utbrotet har blitt så stort på Fjell.

Foto: Azad Razaei / NRK

Det seier kommuneoverlege i Drammen, John David Johannessen.

Over 40 personar ved sjukeheimen, både tilsette og bebuarar, skal vera smitta av viruset. Det inkluderer også dei som har mista livet, skriv DRM24.

– Når det først er ei avdeling der mange har blitt smitta, då er det mykje virus i omløp. Sjølv med omfattande tiltak har fleire blitt smitta, seier Johannessen til NRK.

Største utbrotet

Fram til desember hadde ikkje sjukeheimen opplevd nokon smitta, men på kort tid fekk fleire frå same avdeling påvist covid-19. Då utbrotet starta var det 25 bebuarar på avdelinga, no har nesten halvparten av desse mista livet.

Line Vold

Avdelingsdirektør hos FHI, Line Vold, seier det er viktig at sjukeheimsbebuarar får vaksinen fyrst, slik at ein slepp store utbrot som dette.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Dette er eit alvorleg utbrot med mange sjuke diverre, og så langt er det det største sjukeheimsutbrotet me veit om, seier avdelingsdirektør i FHI, Line Vold.

Johannessen forklarer at dei som jobbar ved sjukeheimen har gjort alt dei kan, og at alt er gjort etter boka for å hindre at fleire blir smitta.

Kommuneoverlegen er usikker på korleis viruset har kome inn i sjukeheimen. Han seier at det er mogleg nokon som har vore asymptomatiske – altså at dei er berarar av viruset, men at dei ikkje kjenner nokre av symptoma på å vera sjuk – kan ha tatt det med seg inn.

– Det kan ha vore ein tilsett eller berre nokon som skulle besøke nokon. Ein av teoriane er difor at den personen som vart smitta seinare vart ein superspreiar.

Fjell bo- og servicesenter

Fleire tilsette og bebuarar ved sjukeheimen har fått påvist covid-19.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Mutert virus

Kommuneoverlegen har også ein teori om at viruset som har kome inn i sjukeheimen er ein mutert versjon av det originale koronaviruset.

– Når fleire personar rundt om i verda blir smitta, aukar og risikoen for at viruset kan mutere seg. Nokre muterte versjonar kan bli mindre smittsame, medan andre kan bli meir smittsame, seier Johannessen.

Han har bedt FHI sjekke opp i, og analysere viruset for å sjå om det er ein mutasjon der.

– Me oppdagar heile tida mutasjonar i dei virusa me analyserer, og me oppdagar og heile tida nye variantar av viruset. Normalt kan det ta opptil ei veke eller litt lenger å få svar på dei analysane, seier Vold.

Ho fortel at viruset kan spreie seg raskt når det først bryt ut på ein sjukeheim, og at det diverre har høg dødelegheit i den type setting.

– Det har vore fleire andre sjukeheimsutbrot der smitten har spreidd seg raskt utan at det har vore på grunn av endringar i viruset, men dette blir no undersøkt spesielt for dette utbrotet.

Vold seier det er viktig å førebygge at viruset kjem inn på sjukeheimane, og at det er difor dei no vi vaksinere bebuarar ved sjukeheimane fyrst.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 19.04.2021
3 087
Smittede siste 7 dager
221
Innlagte
709
Døde
1 061 742
Vaksinerte