Hopp til innhold

Thomas (33) vil lage singelfestival

– Målet mitt er å dra i sinnssjukt mange bryllaup framover!

Thomas Engeset

DANS PÅ BORDET: Thomas Engeset vil samle masse single folk til ei festival der dei kan feira kjærleiken.

Foto: Privat

Då Thomas Engeset (33) la ut eit spørsmål på instastorien sin, hadde han ikkje sett for seg at ting skulle ta av, slik dei har gjort no.

Etter å ha spurt korleis 2021 hadde vore for folk, og kva planane var for 2022 rant det inn med svar. Mange av dei fortalde at dei hadde blitt dumpa, eller at dei planla å leite etter ein kjærast.

– Eg tenkte at «Shit, her er det mange som treng litt kjærleik i livet».

Plutseleg var ideen om å arrangere ein festival for single, meir enn berre noko han hadde tenkt på ei stund.

Full innboks

insta

FULL INNBOKS: Folk sluttar ikkje å sende meldingar om at dei er interesserte i å vera med på festivalen.

Foto: @thomasengeset / Instagram

Engeset la ut ein story på Instagram og lufta ideen om ein singelfestival.

Då tok innboksen hans fyr.

– Det tek ikkje slutt. Eg har sikkert svart 400 personar allereie, og det står konstant «99+» på førespurnadar.

Både vanlege folk, bedrifter og kjendisar har kontakta han. Alle vil på ein eller annan måte vera med på festivalen, om det er som gjestar, frivillige eller som sponsorar. Innlegget hans har foreløpig over 1000 likes og fleire hundre kommentarar der både Tuva Fellmann, Birgit Skarstein og Staysman har kommentert.

– Grandiosa har skrive at dei vil levere mat! I tillegg har eg fått meldingar frå folk som har kjærastar som seier at dei vil vera med å hjelpa til som frivillige sånn at me kan få dette til.

Singelfestival, instagram

SOMMARFLØRT: Engeset håpar me har fått såpass kontroll på pandemien og smitten at ein kan ha festivalen i sommar.

Foto: @thomasengeset / Instagram

Må vente til meterkravet fjernast

Sidan pandemien framleis held på må festivalen vente til det er trygt å samlast.

Thomas Engeset

OPPTEKEN: Sjølv om Engeset er i eit forhold, har han eit sterkt ynskje om å få andre single til å finne gleda i å leita etter ein kjærast.

Foto: Ganeshfoto / Privat

– Her kjem det til å bli mykje klining. Det kjem ein nesten ikkje unna på ein singelfestival, og eg gidd ikkje lage festival viss ein ikkje skal kline, ler Engeset.

– Målet her er å ikkje halde meteren, så me må sjølvsagt vente til FHI og politikarane seier ein ikkje treng å tenke på den eller å halde tunga si i sin eigen munn. Men det hadde vore kjekt å få det til i juni.

Den originale planen var å halde festivalen på småbruket til Engeset på Hadeland, men grunna pågangen av folk som vil vera med må han finne ein annan plass å halde den.

– Men det skal framleis vera på Hadeland altså! Det må det nesten. For det er så utruleg fint her.

Håper det kan motivere

Engeset trur mange kanskje har mista litt piffen for dating sidan alt nesten går føre seg via appar, og me ikkje har kunna treffast noko særleg på byen dei siste åra.

– Men er du singel sjølv, sidan du skal arrangere singelfestival?

– På ingen måte! Men eg skulle nesten ønske det med denne festivalen. Det er mogleg eg må spørje sambuaren om å vera singel akkurat på festivaldagen, ler han.

Hallaisen!

Så kjekt at du har lest deg heilt ned hit.

Har du tips til andre saker eg bør skrive? Send meg ein e-post då vel!

Tidlegare har eg skrive om folk som bruker ting dei finn i skåpet til å bleika tenna, og kvar i Noreg ein kan ta dei beste instabileta.