– Eg lærte vel i fjor at det ikkje var så smart å kome inn i ein sånn turnering med underskot.
Daniel-André Tande flirer litt når han tenkjer tilbake på fjoråret.
Det toppa seg da han irritert og ironisk viste tomlane opp mot dommarane, før han marsjerte ut av Lysgaardsbakken.
Måtte endre kosthaldet
– Han var irritert på alt og alle, og det blei negativt i laget. Han gjekk nok veldig tom mot slutten av sesongen i fjor, seier NRK-ekspert, Johan Remen Evensen.
Det var det Tande måtte unngå i år. Evalueringa førte til endringar på kosthald, trening og restitusjon. Han har trent betre og slappa meir av mellom verdscuphelgene.
Og ikkje minst har 24-åringen denne sesongen jobba tett med ernæringsfysiolog for å unngå same situasjon igjen.
– Nå er eg på ein mykje betre stad mentalt og energimessig. Eg er mykje meir klar over dei forskjellige teikna eg må høyre på. Da blir det lettare å kontrollere situasjonar, seier Tande humrande og tenkjer tydeleg på episoden frå fjorårets Raw Air.
Har hoppa mindre
Landslagstrenar Alexander Stöckl synest han ser ein heilt annan Tande i år.
– Han verkar meir frisk og har eit betre energinivå. Endringane han har gjort har vore heilt avgjerande. Det har betalt seg gjennom heile sesongen, seier landslagstrenaren.
Før søndagens siger hadde faktisk ikkje Tande vore på pallen i mars månad. Johan Remen Evensen ser tydeleg at endringane som blant anna har vore mindre hopping, har fungert.
– Heile laget har hatt meir overskot i år. Daniel har for eksempel hoppa mindre når han har vore heime og hatt meir fokus på fysisk trening. I fjor merka ein tydeleg at han var tom for energi og var kjenslemessig veldig opp og ned. Der har dei tydeleg gjort grep som har fungert, seier Evensen.
Vil strekke på personleg rekord
Tande er etter 10.-plassen i kvalifiseringa på Lillehammer i går nummer fire i samandraget i Raw Air. Nå ser han aller mest fram til å kome til heimfylket og Vikersund.
Der hoppa lagkameratane ned bakken i fjor, mens Tande var den svakaste på laget og ikkje ein gong kom til finaleomgangen i det individuelle rennet.
– Eg er lei av å vere den dårlegaste på laget. Nå er eg gira på å strekke på den personlege rekorden min, gliser Tande som har 242 meter som best, og har med det heile åtte nordmenn framfor han på lista.