Systera til Bjørndalen visste ingenting om hjarteproblema

SIMOSTRANDA (NRK): Audhild Hunstad (59) måtte ta til tårene da bror Ole Einar fortalde om hjarteproblema. Storesystera hadde aldri høyrt om hjarteflimmeret han har slite med sidan 2008.

Syster og bror Bjørndalen

SYSKEN: Både storesyster Audhild Hunstad og veslebror Hans Anton Bjørndalen bur i heimkommunen og har fylgd Ole Einar tett gjennom karrieren. Tysdag var det slutt.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Det har han ikkje fortalt, nei. Det var fyrste gong eg høyrde om det nå.

Storesyster Audhild er tydeleg rørt der ho sit i klubbhuset Eikvang på Simostranda.

Ho har hatt ein veslebror i verdstoppen dei 25 siste åra. Frå bakarste benk har ho nå for fyrste gong høyrt at ho aldri meir skal sjå han kjempe i toppen.

Systera til Ole Einar fylgjer med på pressekonferansen

SPENT: På bakarste benk bak eit hav av pressefolk sat Audhild og høyrde på broren som set der framme og fortalde om ein tung avgjerd.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Fekk ikkje vite noko i påska

– Det er jo litt spesielt, begynner Audhild og slit med å fullføre setninga.

– Eg var ganske sikker på at han kom til å slutte. Det hadde eg ei kjensle av. Men han har ikkje sagt noko.

I påska var heile storfamilien Bjørndalen og delar av familien til kona Darja Domratsjeva samla på Beitostølen på hytta til Ole Einar. For fyrste gong på 25 år feira han påske med familien.

Heller ikkje da fortalde han at han ville høyre på råda frå helsepersonell og avslutte karrieren.

– Han ville ikkje ut med det, og me spurde ikkje så mykje nå i påska heller. Me kjenner han og visste at han ikkje hadde lyst til å snakke om det.

Baka kringle til veslebror

HEIMEBAKT: Gjærbakst er noko Ole Einar er veldig glad i og storesyster hadde derfor baka kringle til pressekonferansen i heimbygda.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Eit stort førebilete

Veslebror Hans Anton Bjørndalen er sju år yngre enn Ole Einar, og 19 år yngre enn storesyster Audhild.

Han er ikkje mindre rørt enn systera når han prøvar å beskrive kva storebroren har vore for han.

– Han har vore eit stort førebilete som ein har hatt perifert der ute i mange år. Som nå er ferdig med sin karriere, seier han og må ta ein pause for tårene som pressar på.

– Han har vore ein annleis bror. Det er vanskeleg å sette ord på. Sjølv om han ikkje alltid har vore der, så kunne eg alltid ringe til han.

Hovudpersonen sjølv var like rørt da han snakka om familien.

– Familien min har alltid betydd mykje. Dei har alltid vore ankeret for min del.

Bjørndalen-syskena

FLOKKEN: Tre av fem Bjørndalen-sysken samla. På dei fem syskena er det ein aldersskilnad på 19 år.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Glad for at han legg opp

Litt lengre framme både i salen og i rampelyset står storebror Dag Bjørndalen (48).

Han var i mange år også lagkompis på landslaget, og tok både OL-sølv og VM-sølv og bronse saman med Ole Einar på stafett.

Stemmen sprekk eit par gonger når han fortel om dialogen han har hatt med broren den siste tida.

– Ein veit jo aldri heilt med Ole Einar. Me har heller ikkje masa noko særleg på han i det siste, sjølv om me visste kva slags retning det gjekk i.

– Fyrste gong han sa det, var det ei slags sorgkjensle som kom over oss ein halvtimes tid. Så blei eg eigentleg litt glad for at han verkeleg hadde bestemt seg. Det synest eg var fint.