– Me kan ikkje seie anna enn at me er imponert, seier prosjektleiar Mizanur Rahaman i Statens vegvesen.
Med jamne mellomrom lyser Statens vegvesen ut nye kontraktar for drift og vedlikehald av riksvegar over heile landet. Men frå og med i år må entreprenørane tenkje klimasmart for å få jobben.
Hallingdal og Valdres er det fyrste området der dei blir målt på denne måten.
Prosjektleiar i Statens vegvesen, Mizanur Rahaman, er imponert over miljøbevisste entreprenørar.
Foto: Statens VegvesenKan redusere utsleppa med opptil 85 prosent
– Me har hatt mål om å halvere klimautsleppa våre fram mot 2030. Når me fekk inn tilboda såg me at her er det entreprenørar som alt no skisserer opplegg der dei skal kunne klare å redusere utsleppa med opptil 85 prosent, seier Rahaman.
Kontrakten for Hallingdal og Valdres gjeld drift av totalt 517 kilometer riksveg i både lågland og høgfjell.
Då fristen for å levere inn tilbod gjekk ut i slutten av mars, hadde fire entreprenørar meldt seg på i konkurransen.
Fleire av dei har altså skissert klimaløysingar som går langt over det Vegvesenet hadde venta.
Det blir fleire elektriske maskiner å sjå langs riksvegane i åra framover.
Foto: Ellinor Hansen / Statens vegvesen– Viss det er så tilsynelatande «lett» å redusere klimautsleppa så mykje – kvifor er det ikkje gjort før?
– Alt må jo skje for fyrste gong ein eller annan gong. Dette er vårt fyrste store steg. Me har hatt klimakrav i kontraktane tidlegare. Og me har hatt tilfelle der entreprenørane har levert bra på klima, men denne gongen har dei altså levert eit godt stykkje over det nokon har klart før, seier Rahaman.
Bør ikkje vera ei overrasking
Margit Fausko frå Hemsedal toppar stortingslista til Buskerud MDG. Ho synest grepet Statens vegvesen gjer i Hallingdal er ein god start for å redusere klimautslepp knytt til vegdrift.
Margit Fausko (MDG) meiner klimakrav bør vege tyngre enn det gjer i dag.
Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild Hjermundrud– Det er kjempebra at miljø og klima har vorte ein del av dei offentlege anbodskriteria, og at også tilbydarane kan vise at dei kan levere på så store utsleppskutt. Dette er ei riktig utvikling, som eg set pris på, seier Fausko.
– Samstundes meiner eg at det ikkje bør kome som eit sjokk at det går an å levere på både miljø og pris, legg ho til.
Ho meiner også at utsleppskutt ideelt sett bør telje meir enn 20 prosent i tildelinga av driftskontraktane til Vegvesenet.
– Viss MDG hadde bestemt hadde me nok vekta det meir enn 20 prosent, nettopp for å ta inn det tapte klima- og miljøarbeidet som burde ha starta for lenge sidan.
Den nye driftskontrakten for riksvegane i Hallingdal og Valdres gjeld frå 1. september i år.
Foto: Caroline Utti / NRKReduserer CO₂-utslepp
Entreprenørane vil mellom anna bruke elbilar til alle oppgåver knytt til persontransport og inspeksjon langs vegane. I tillegg vil dei gå over til å nytte ulike typar biodrivstoff til tyngre oppgåver, som til dømes brøyting.
Det er eit samansett reknestykke som avgjer kva firma som til slutt får jobben. Klima tel 20 prosent i tildelinga, men det er framleis prisen som samla sett veg tyngst.
– Blir det dyrare når entreprenørane må tenkje grønt?
– Me er førebudd på at det kostar meir å satse på ny, grøn teknologi. Og me er førebudd på å også betale den prisen som er nødvendig for å få det, seier Rahaman.
– Ut ifrå vårt fyrsteinntrykk, så trur me prisauken er akseptabel og riktig knytt til både kvalitet, klima og det som er ynskjer vårt generelt, legg han til.