Hopp til innhold

Stian fortviler over regelverk: – Eg sklir lenger og lenger unna den delen av livet som gir meining

Alt Stian Skarsten har lyst til er å kome seg ut i naturen. Men dagens regelverk gjer det vanskeleg.

 Stian Skarsten håper det blir lettare for rullestolbrukarar å nytte hjelpemidla som kan få dei ut i naturen.

Stian Skarsten håper det blir lettare for rullestolbrukarar å nytte hjelpemidla som enklast kan få dei ut i naturen.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Skarsten har vore aktiv og ute i naturen heile livet, men etter ein sykkelulykke i 2019 vart han avhengig av rullestol. Å skulle ut i naturen igjen, verka plutseleg mykje meir vanskeleg.

– Det er ei kjensle av å vere til stor belastning for andre. Eg blir att heime og kjenner på det å stadig skli lenger og lenger unna den delen av livet som gir meining, seier Skarsten.

Skarsten har vore med på å bygge kilometervis med sykkelstigar i Hallingdal og har sjølv vore aktiv på ski, snøbrett og sykkel. Han er eit friluftsmenneske. No drøymer han om å kunne bruke naturen omtrent som før igjen.

Problemet er berre at hjelpemiddelet som ifølge Skarsten gjer det mogleg, ikkje er lovleg for ferdsel i utmark.

Stian Skarsten var mykje ute i naturen før ulukka i 2019.

Stian Skarsten var aktiv på sykkel før ulykka i 2019.

Foto: Paul Arthur Lockhart

Han må difor søkje bustadkommunen Hol om dispensasjon og hente inn løyve frå alle grunneigarar i området han ønsker å ferdast.

– Det er ein absurd kjensle. Det strider mot alle tankar me har om fri ferdsel, allemannsretten og menneskeverdet. Det er vanskeleg å forstå, seier han.

Det var Hallingdølen som omtala saka fyrst.

Meiner regelverket er diskriminerande

Hjelpemiddelet Skarsten meiner er best egna for slik ferdsel, er ein elektrisk rullestol med fire hjul. Den er båe lett, stabil og gir lite marktrykk, i motsetning til andre hjelpemiddel, forklarar han.

Stian Skarsten

Dette er en tilsvarende firehjulsdrevet terrenggående rullestol som den Stian ønsker å bruke i naturen. Her har han lånt en for å teste.

Foto: Privat

– Den vil gjere at eg kan halde følge med dei eg går tur med og vere med på dei fleste stigar. Eg vil aldri få same moglegheit som eg hadde før, men det å kome så nære som mogleg, hadde vore fint.

Men fordi rullestolen med fire hjul er definert som eit motorisert køyretøy, gjeld spesielle reglar når du skal ferdast i naturen.

– Eg bur på Geilo – her er det ikkje flatt, det er mykje bakkar og natur. Ein vanleg rullestol kan ein tenke litt på som å gå med stiletthælar. Alle plassar det ikkje er praktisk å gå med stiletthælar, trenger ein betre hjelpemiddel – til dømes fjellsko eller i mitt tilfelle ein elektrisk rullestol med fire hjul.

No håper Skarsten at regelverket kan bli meir liberalt, slik at dei med ulike typar funksjonshemningar kan kome seg ut i naturen på lik linje med alle andre.

– Regelverket me har i dag er diskriminerande og vanskeleg å forstå. Eg håper det blir meir liberalt for oss som av ulike grunner treng slike hjelpemiddel.

– Me som er funksjonshemma, me må vente

Skarsten får støtte frå leiar Anders Nupen Hansen i Landsforeininga for ryggmergsskadde.

– Viss den rullestolen Stian vil bruke hadde vore definert som ein sykkel, hadde den vore lovleg. Så fort meinigmann får tilgang på elsykkel, skal loven bli endra. Men me som er funksjonshemma, me må vente.

Anders Nupen Hansen er leiar i Landsforeininga for ryggmargsskadde. Her er han ute med sin terrenggåande rullestol.

Anders Nupen Hansen ute med sin terrenggåande rullestol med tre hjul. Denne er godkjend som vanleg sykkel med hjelpemotor og eignar seg best på breie vegar.

Foto: Privat

Han vart sjølv sitjande i rullestol etter ein stupeulukke.

– Det er forferdeleg at ein ikkje har høve til å kome ut i naturen på lik linje med andre menneske. Det er utruleg sårt. No har det kome køyretøy som gjer det lettare for oss. No må også lovverket også endrast sånn at me enklare kan ta i bruk desse hjelpemidla.

Skal gå gjennom regelverket

For eitt år sidan vart det sett ned eit utval som skal gå gjennom regelverket for motorferdsel i utmark. Der vil motorferdsel for funksjonshemma vere blant problemstillingane, opplyser Klima- og miljødepartementet.

– Naturen skal vere for alle menneske i samfunnet. Det er trist at nokon opplever det som vanskeleg å bruke naturen, slik som Stian forklarer. Samstundes er det viktig at naturen blir beskytta mot skader og uro. Me må ha løysingar som varetar omsynet til båe natur og menneske på best mogleg måte, seier statssekretær Aleksander Øren Heen.

Utvalet skal levere sin utgreiing innan 1. desember neste år.

Les også Nye rullestoler skaper livsglede

 Marie Hav Lundkvist

Flere nyheter fra NRK Buskerud