– No blir eg sikkert kjeppjaga for det eg har tenkt å seie, men eg synest det er skikkeleg barnsleg og egoistisk å gjere det på ein motorveg på den måten.
Det fortel Sonja Brandtzæg (27) til NRK.
Ho har vore ein del av rånemiljøet i Drammen sidan ho var 13 år. I 2019 var ho også med i NRK-serien «Sjette gir».
– Du tek eit egoistisk val når du skal overta ein motorveg fordi det passar deg. Køyr til Andebu då. Prøv rally der, eller drifting. Reis på Gatebil, bruk banane. Reis på Rudskogen, seier Brandtzæg og legg til:
– Ja, vi har også gjort det dei gjer no. Men då lånte vi ein eller annan skogsveg, og så stengde vi av endene.
Sonja Brandtzæg er godt kjend langs vegane i Drammensområdet.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKHo har i mange år kjempa for at rånarane i Drammen skal ha ein plass å vere. Ein tilhaldsstad. Men no er ho lei. Lei av at enkeltpersonar skal øydeleggje fleire års arbeid.
– Det set jo alle i eit veldig dårleg lys, når du utset deg sjølv og andre for så stor fare, forklarer ho.
Brandtzæg er oppteken av å distansere seg frå desse personane, og seier rånarar er meir opptekne av bil enn dette miljøet, der kappkøyring verkar å vere det viktigaste.
Sonja Brandtzæg på brua der fleire møtte opp for å følgje kappkøyringa på E18.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKMaskerte personar sperra E18
Det Brandtzæg reagerer på er ei hending på E18 mellom Lier og Drammen sist fredag. Då hadde mange samla seg på ei bru over motorvegen.
Maskerte personar sperra så vegen med bilane sine, slik at det kunne gjennomførast kappkøyring.
UP kallar det heile organisert.
Situasjonen enda med at ein av bilane prøvde å rømme frå politiet. Den vart målt til 205 km/t, og køyrde av vegen og ut på eit jorde i Sande i Vestfold og Telemark. Der vart til slutt tre personar arresterte.
Bildet frå bilen til UP viser korleis bilar sperrar E18 i forkant av ei kappkøyring frå Lier mot Drammen.
Foto: Politiet– Desse tilhøyrer same miljø, forklarer Morten Visdal, politioverbetjent i UP.
Fredag var han til stades på E18 og sat i bilen som fekk ei fartsmåling av råkøyrarane.
Søndag var han i Vestfold og Telemark, på eit biltreff. Der fekk to personar førarkortet beslaglagt på grunn av børning og sladding, samtidig som tre bilar fekk bruksforbod.
Morten Visdal er gruppeleiar for UP i Buskerud.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKVisdal er òg, som Brandtzæg, oppteken av å skilje mellom folk som er opptekne av bil, og dette miljøet.
– Det å vere interessert i bil og køyring, det er ei heilt legitim interesse. Og dei aller fleste har det som ei sunn interesse. Men det har dessverre vorte sånn at det er nokre få i desse miljøa som tek det mykje lenger, seier Visdal.
Så langt har det gått, at UP-sjef Knut Smedsrud etterlyser nye verkemiddel:
– Klarer de å stanse denne tendensen før nokon blir drepen i ei slik kappkøyring?
– Det er det gode spørsmålet. Det er nettopp det vi fryktar at vil skje, og det er derfor vi etterlyser litt meir effektive verkemiddel, for å komme dette miljøet til livs, seier Smedsrud.
Blir knytt saman av sosiale medium
– Det er eit løyst samansett miljø av bilinteresserte, som bruker sosiale medium for å halde kontakten. Vi har ganske god oversikt over det miljøet, og det er lette køyretøy og personar som går igjen, forklarer Visdal.
Brua over E18 var tettpakka av tilskodarar som skulle sjå på kappkøyringa.
Foto: PolitietDet blir stadfesta av Brandtzæg, som kan fortelje at sosiale medium hadde mykje innhald frå kappkøyringa på E18.
– Det var mange som delte dette på Snapchat. Det var der det dukka opp for meg òg. Men no er mykje sletta. Og mykje av det eg spør etter nektar dei å sende, for no har folk fått med seg at eg står her med dykk. Så då er det ikkje så mange som vil dele det med meg, seier ho.
UP-sjef Knut Smedsrud seier dei ikkje klarer å stoppe alle slike hendingar.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKUP-sjef Knut Smedsrud seier til NRK at sjølv om dei følgjer med på sosiale medium og har ein del etterretning, så klarer dei ikkje å stoppe dette.
– Vi prøver å vere til stades når vi får kjennskap til det, men likevel ser vi at dei klarer å gjennomføre sånne ting som dei gjorde i helga. Sperrar av E18 for all trafikk og driv kappkøyring. Det er fullstendig uansvarleg og fullstendig manglande respekt for andre trafikantar og lovverket generelt, forklarer ein oppgitt Smedsrud.
Unge gutar med mange pengar
– Det er dessverre ofte 18–20 år gamle gutar, med eit fullfinansiert lån eller ein pappa med mange pengar. Unge gutar, med mykje testosteron og litt for mykje pengar akkurat der og då, som ikkje forstår konsekvensane av det dei gjer, seier Brandtzæg om miljøet som driv med kappkøyring.
– Og når dei først forstår realiteten, så er det for seint, legg ho til.
Kappkøyringa skjedde på denne delen av E18, mellom Lier og Drammen.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKMorten Visdal i UP seier dette er eit miljø dei sit på mykje informasjon om, og som dei følgjer tett.
– Bilane blir nytta av fleire førarar. Og når ein skal kappkøyre eller gjere noko som skal filmast og leggjast ut på sosiale medium, så ser vi det at dei tek av skilt eller set på falske skilt.
Måndag ettermiddag stadfestar politiet overfor NRK at ein av bilførarane i kappkøyringa på E18 er sikta for hendinga. Politiet seier dei også har registreringsnummer og video av den andre bilen.
Hei!
Fikk denne saken deg til å tenke på noe, eller kjenner du deg igjen i tematikken? Skriv gjerne til meg.
Her er noen av sakene jeg har skrevet eller bidratt til tidligere: Beboere i Drammen frykter nytt Gjerdrum, Lars Hafskjold fra Lier forsvant i regnskogen