Hopp til innhold

Avhengig av ufaglærte i eldreomsorga

For 20 år sidan var det krise og stor sjukepleiarmangel. I dag er talet på pasientar dobla og mange vakter blir framleis fylte av tilsette utan helsefagleg bakgrunn.

Sykepleier, Saniteten Bo- og servicesenter

Vi treng fleire som sjukepleiar Herman Kranstad ved Saniteten bu- og servicesenter i Drammen.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

– Det er ikkje eit spørsmål. Det ér ein fysisk og psykisk stor belastning å vere sjukepleiar, seier overordna sjukepleiar Herman Kranstad i Drammen kommune.

Dessverre er han mangelvare i eit yrke som skrik etter rekruttering.

Det blir stadig fleire eldre og sjuke i landet. Mangelen på sjukepleiarar er framleis så stor at både sjukeheimar og heimetenester er heilt avhengig av ufaglærte for å få hjula til Noreg AS til å gå rundt.

Akkurat som det vart sagt og varsla om for snart 20 år sidan.

– Problemet er at når du ikkje har den helsefaglege utdanninga som vi ønskjer alle skal ha, er det vanskelegare å oppdage og vurdere tilstanden til pasienten, seier Linda Lavik, leiar av sjukepleiarforbundet i Viken.

Ho seier at dei som skal jobbe i den kommunale helsetenesta, må vere helsefagarbeidarar med fagbrev, eller sjukepleiarar eller vernepleiarar.

Linda Lavik

Linda Lavik, leiar av sjukepleiarforbundet i Viken.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Men slik er det ikkje. Og i praksis er dette vanskeleg å gjennomføre.

Lavik seier at cirka 20 prosent av vaktene no blir planlagde med tilsette utan helsefagleg bakgrunn eller kompetanse.

– Men i praksis ser vi at kanskje så mykje som 30 til 40 prosent av vaktene endar opp med å bli fylt av ufaglærte.

Derfor ønskjer sjukepleiarforbundet at spørsmålet om ei bemanningsnorm som stiller krav til kompetanse, kjem på dagsorden.

Herman Kranstad, Drammen, sykepleier

Herman Kranstad i prat med ein av bebuarane ved Saniteten.

Foto: Henning Rønhovde / NRK
Herman Kranstad

Uthenting av medisinar.

Foto: Henning Rønhovde / NRK
Sykehjem/Kjerkol

Kjerkol fanger interesse hjå bebuarane.

Foto: Henning Rønhovde / NRK
Hamid Nassaj og Herman Kranstad

Spesialhelsefagarbeidar Hamid Nassaj og overordna sjukepleier Herman Kranstad.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

– Avgjerande med rett kompetanse

I kjølvatnet av Brennpunkt-dokumentaren om store avvik i eldreomsorga, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol at dette må løysast i lag.

Vidare sa ho at kommunane saman med staten må bidra gjennom å utdanne nok personell. Men at det er ansvaret til kommunen.

Kjerkol utdjupar overfor NRK i dag at ei god eldreomsorg er like viktig for henne som for dei som styrer kommunane i landet.

Eg tek på alvor at det er variasjonar mellom kommunane våre. Det er 356 ordførarar i Noreg. Dei kjem frå ulike parti, har ulik demografi og ulike typar av tenester. Til felles er det at dei alle skal og må handtere at vi blir fleire eldre, seier ministeren.

Ingvild Kjerkol

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Ho meiner stat og kommune må jobbe saman for heiltidsstillingar og god bemanning, slik at det blir eit likeverdig tilbod over heile landet.

Når vi skal betre omsorga og helsehjelpa dei eldre treng, må vi byrje med fagfolka. Det er avgjerande at dei har rett kompetanse, at dei har tid til den enkelte og at dei har nok kollegaer, seier Kjerkol og held fram.

Vi har lagt fram ein eigen opptrappingsplan for heiltidsstillingar og god bemanning i omsorgstenesta.

Planen skal bidra til å sikre nok fagfolk med rett kompetanse i omsorgstenesta.

Vi har også sett ned Helsepersonellkommisjonen, som mellom anna skal peike på strukturelle endringar som kan redusere deltidsbruken. Til sommaren legg vi fram eldrereforma vår som mellom anna skal styrke heimetenesta, og samtidig etablere eit eige bustadprogram for eldre, sånn at vi betre kan møte samfunnsendringane framover.

Les også Underernærte Lilly (90) gikk hele dager uten å få mat av hjemmetjenesten

Lilly Andreassen

For mange ufaglærte

At éin av fem sjukepleiarar sluttar i yrket etter 10 år, gjer at mange kommunar ikkje klarer å fylle vaktene med berre sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

I Drammen kommune slit dei med å fylle opp turnusane med kvalifiserte medarbeidarar.

– Vi har alltid eit utgangspunkt der vi ønskjer å ha helsepersonell. Men feriar, fråvær og utfordrande situasjonar gjer at vi må ta i bruk pleiemedarbeidarar og assistentar, seier kommunalsjef for heimetenester og institusjon i Drammen kommune, Sudhir Sharma.

– Kva med bemanningsnorm som sjukepleiarforbundet vil ha?

– Bemanningsnorm er flott. Standardisering i tenester er flott. Men samtidig vil ikkje det vere svar på dei utfordringane som kjem og som alt er til stades, meiner Sharma.

Sudhir Sharma og Linda Lavik

Sudhir Sharma og Linda Lavik.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Vil gjere det han er utdanna til

Sjukepleiar Herman Kranstad har ikkje tal på kor mange kilometer han legg bak seg i løpet av ei vakt på Saniteten bu- og servicesenter i Drammen.

Senteret har butilbod til 65 menneske som alle treng sitt. Kranstad strenar gjennom korridorane, og opp og ned trappene på sjukeheimen.

– Til dømes, viss eg slepp å koke kaffi, så er det lettare for meg å prioritere og sjå til ein pasient som ligg på det siste, som treng lindrande medisinar.

Herman peiker på at sjukepleiarane må få gjere det dei er utdanna til, anten det er på sjukeheim eller i heimetenesta.

– For meg gjer det at eg kan stå lenger i yrket, avsluttar Kranstad.