Hopp til innhold

Køyreskulelærar redd og frustrert etter at eleven blei tatt i 170 kilometer

12 dagar etter at han fekk førarkortet blei eleven til Dag Kristian Moen Hæhre tatt i 170 kilometer i timen i ei 70-sone. – Eg sit igjen med sinne og skam, seier køyreskulelæraren.

Køyreskulelærar Dag Kristian

Dag Kristian Moen Hæhre meiner at dagens unge sjåførar ikkje oppsøkjer like mykje spenning som for ti år sidan. Derfor blei han svært overraska da han høyrde om råkøyringa til den tidlegare eleven hans.

Foto: Privat

– Det gjer ekstra vondt å få den i trynet. Sjølv om eg ikkje har ansvar, så var eg ein del av prosessen.

Køyreskulelærar Dag Kristian Moen Hæhre i Modum fortel om den vonde kjensla han fekk i magen da han høyrde om råkøyringa i helga.

La ut innlegg på Twitter

Det var natt til søndag 18-åringen køyrde i heile 170 kilometer i timen i Rosenkrantzgata i Drammen. Gata er like utanfor sentrum av Drammen og har 70-sone.

Da han fann ut at det var hans eigen elev la Moen ut eit innlegg på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Det var i frustrasjon. Eg var så sint. Eg synest det er viktig for ålmenta å sjå korleis eg som køyrelærar reagerer. Her kunne det alternativet eg fryktar mest ha skjedd, seier Hæhre.

Trafikklæraren har aldri opplevd noko liknande. Unge gutar som akkurat har fått lappen har eit dårleg rykte i trafikken, men Moen meiner det har blitt langt betre dei siste åra.

– Eg opplever at det har vore ei stor kulturendring der. Rånekulturen står ikkje like sterkt, iallfall ikkje her i området. Eg blei veldig overraska og sjølvsagt bekymra for at ein ikkje har nådd fram med det ein har undervist.

Det var Drammens Tidende som publiserte saka først.

– Ekstrem råkøyring

Seniorforskar ved Sintef, Dagfinn Moe har forska på nordmenns trafikkåtferd i mange år. Han ser på råkøyringa i Drammen som ekstrem.

– Det er ganske ekstremt, og sjølv på ein motorveg ville det vore fort. Det er sikkert ikkje fyrste gongen det skjer. Me ser ofte at slik råkøyring er ein del av eit mønster. Dette er personar som tidleg viser interesse for fart og spenning, seier Moe og legg til:

Dagfinn Moe, adferdsforsker på trafikksikkerhet SINTEF

Dagfinn Moe fortel at slik råkøyring heng saman med meistringskjensle og risikoen det medfører. Unge mannlege sjåførar har ein manglande kognitiv kontroll og evne til å reflektere over risiko, seier Moe.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

– Det er ikkje unormalt at dette skjer i ein tidleg fase, der ein endeleg har fått førarkort og føler på fridomen det gjev.

Kan kome noko bra ut av det

Han er likevel einig med køyrelæraren i at det stadig blir færre av desse unge fartsoppsøkjande sjåførane.

– Det er ikkje så mange som driv denne spenningssøkinga som på 80 og 90-talet. Ungdom har ein anna måte å få spenning og underhaldning på i dag.

Nå vil trafikklæraren bruke episoden mot nye elevar.

– Det er det ingen tvil om. Det handlar om å tenkje bevisst før ein handlar. Eg er sikker på at han angrar på det han har gjort og eg trur det kan kome noko bra ut av det, ikkje berre for han, meiner Hæhre.