Hopp til innhold

Fyrste i Noreg og siktar mot Paralympics

DRAMMEN (NRK): Kort tid etter ho plukka opp kården har ho allereie delteke på eit internasjonalt stemne. No ynskjer både ho og fekteforeininga fleire rullestolfektarar i Noreg.

Cathrine Bergan fekter frå rullestolen saman med læremeisteren sin.

– Når du har gjort noko langsamt ein million gonger so klarer du å gjera det fort også, seier Dan Dameasceno-Lundesgaard medan han instruerer Cathrine Bergan.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– No har du ein fin gard. Eg treff deg ikkje her eller her.

Læremeister Dan Dameasceno-Lundesgaard går gjennom ein fekteleksjon med Cathrine Bergan. Ho er den fyrste rullestolfektaren både i klubben i Drammen og i Noreg.

Portrett av Cathrine Bergan med fektarar i bakgrunnen.

Cathrine Bergan spilte sin siste fotballkamp i 2016 og har no funne att idrettsgleda med rullestolfekting.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Lundesgaard, som leiar fekteklubben i Drammen, meiner alle bør ha eit breitt idrettstilbod uavhengig av funksjonsevne. Difor tok han kontakt med rullestolforbundet for å høyra om nokon ynskja å prøva rullestolfekting. Det var Bergan interessert i å prøva.

– Eg ville prøva for eg har alltid vore glad i idrett. Ogso er det veldig relevant då eg har vore fotballkeeper før.

Cathrine Bergan feirer sigeren under turnering i Estland.

Cathrine Bergan vann ein av kampane ho deltok i under stemnet i Estland.

Foto: Dan Lundesgaard / Privat

Håpar på fleire

Ynsket frå både klubben og fekteforeininga i Noreg er å få med fleire parautøvarar. For å få til dette har dei inne ein søknad hjå Stiftelsen Dam (tidlegare ExtraStiftelsen) for midlar til eit treårig prøveprosjekt. Målet med prosjektet vil vera å etablera rullestolfekting i Noreg.

Dan Dameasceno-Lundesgaard

Dan Dameasceno-Lundesgaard er initiativtakaren bak fekteklubben i Drammen og ynskjer no å få fleire rullestolbrukarar til å byrja med fekting.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det eg håpar er at me har ein god base med utøvarar ogso at det er nokon som ynskjer å satsa på dette som sin idrett, seier Lundesgaard.

No har Bergan fått med seg ei venninne som skulle prøva ut rullestolfekting. Om ho blir verande er talet utøvarar allereie dobla.

– Om me får med nokre fleire so hadde det vore veldig gøy, for no må eg utanlands for å trena.

Cathrine Bergan fekter mot læremeistaren sin.

I starten av treningsøkta går Cathrine Bergan og læremeisteren gjennom ein leksjon ho skal trena på.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Om midlane til prosjektet kjem på plass er planen til Lundesgaard å bygga ein kompetansebase for sporten i Drammen.

– Ogso er tanken at eg skal spreia den kompetansen rundt i Noreg slik at alle klubbane kan ta imot parautøvarar.

Vil satsa

Bergan har berre fekta sidan sommaren, men har allereie vore i Estland på turnering. Der deltok ho i eit satellittstemne i verdscupen.

– Det var fyrste gongen og eg slo faktisk russaren der 5–2. Ogso vart eg ikkje grusa heller. Eg fekk poeng i alle kampane sett vekk ifrå ein, men ho vann heile greia, so eg er veldig nøgd med det.

På turen vart det tydeleg at dei ikkje heilt er på plass med utstyret dei treng for å trena skikkeleg heime. Til det treng dei spesialbygde rullestolar og eit stativ som held stolane på plass.

– Det vart ei helt anna fekteoppleving. Eg kunne ta ordentlege utslag og gå tilbake.

Dei håpar på å få til ein tur til Thailand i februar for å delta på eit nytt stemne. Og utfordringa med få utøvarar og mangelen på rett utstyr heime gjer ikkje at Bergan legg ambisjonane lågt.

– Eg siktar mot å vera den fyrste i OL 2024. Det hadde vore utruleg gøy.

Cathrine Bergan fekter saman med ei veninne. Begge sit i rullestol.

Før måtte motstandaren til Cathrine Bergan sitta på ein stol for å øva med ho. No har klubben fått ein ekstra stol til treningane.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Flere nyheter fra NRK Buskerud