Hopp til innhold

Tok uvanlege grep då trua fjellrev vart sjuk

Den pjuskete fjellreven på bilete vekte uro hos Veterinærinstituttet. Dei frykta eit dødeleg utbrot av skabb og gjorde noko dei aldri før har gjort.

Fjellrev med håravfall på halen

HÅRAVFALL: Denne fjellreven på Hardangervidda har mista mykje av pelsen. Det tyder på at han har skabb.

Foto: Viltkamera/Statens naturoppsyn

Bilete av fjellreven på Hardangervidda vart fanga opp av eit av dei mange viltkamera sett ut av Statens naturoppsyn tidlegare i år.

Knut Madslien

Knut Madslien, vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet.

Foto: Eivind Røhne

Dei viste fleire bilete av ein rev som hadde mista mykje hår, truleg grunna ein skabbinfeksjon.

– Me er ikkje sikre på om det er éin rev eller fleire, men håravfallet var ganske likt på alle bileta, så me trur det berre har vore ein rev, seier Knut Madslien, vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet.

Sterkt utryddingstrua

Skabben har truleg smitta over på fjellreven frå den langt meir vanlege raudreven som er veldig talrik i den norske naturen.

– Skabb har vore ganske vanleg hos raudreven. Dei kan komme i kontakt med fjellreven viss dei besøkjer dei same hia. Me trur det er slik parasitten har spreidd seg.

Les også Oppsiktsvekkende bilder av skabbrev: – Fikk så inderlig vondt av den

Rev med manglende pels på halve kroppen i snøen

I motsetning til den raude slektningen er fjellreven sterkt trua. Det har ved fleire høve vorte sett ut fjellrev på Hardangervidda, og dessutan andre stader i Norge.

Ved utgangen av 2021 var det berre 300 vaksne fjellrevar i Norge, viser tal frå Miljødirektoratet.

Vinterbilder av frisk fjellrev.

Fjellreven er sterkt trua. Desse fjellrevane er friske.

Foto: Sveinung Olsnes / Statens Naturoppsyn

Første gong ein behandlar ville dyr

Det einaste beviset dei har for at fjellreven hadde skabb, var bileta av pelsen.

– Me har aldri fått påvist smitte. Då må ein hente prøver frå huda til reven, og det har me aldri kunna gjort, seier Madslien.

Likevel vedtok miljødirektoratet å legge ut medisinar til reven rundt hia på Hardangervidda.

Les også Tror fjellreven i Norge kan være levedyktig om 10–15 år

Fjellrev

Det er fyrste gong ein har behandla ville dyr i Norge.

Fjellrev som trolig har skabb

Fleire bilete blei tatt av det som truleg var ein sjuk fjellrev.

Foto: Viltkamera / Statens naturoppsyn

– Me vil ikkje blande oss inn i naturens gang. I Norge har me ein tanke om at me vil ha mest mogleg urørt natur, så dette er noko me berre vil gjere i heilt spesielle tilfelle, seier han.

Sidan dyra er ville har dei heller ingen gode måtar å gi medisin til kvar enkelt rev. Dei må difor plassere medisinen utanfor hia, og håpe at reven et han.

Utan medisinar kan ein infisert rev døy i løpet av nokre månader.

Truleg kurert

Medisinen som vart brukt, vil ikkje berre kurere reven viss han er infisert, men også hindre smitte i ein lengre periode fram i tid.

Etter medisineringa har det ikkje vorte funne nye revar med symptom.

– Reven som har vorte tekne bilete av den siste tida, viser ingen teikn på sjukdom, så no vil me ha litt is i magen. Me følger nøye med på om det dukkar opp noko før me begynner ny behandling.

Fjellreven på Hardangervidda

Ferske bilete av fjellreven viser ikkje teikn til sjukdom.

Foto: Viltkamera / Statens naturoppsyn