– Eg synest det er veldig trist, då. All den kunnskapen eg sit på skulle eg gjerne ført vidare.
Grethe Lysaker Seljenes (69) viser fram kontoret sitt heime i Krokstadelva. Det er her ho lagar Eikerdrakta – frå start til slutt.
Ho er den einaste i Noreg som lagar drakta. Men no står drakta i fare for å forsvinne.
Det er nemleg ingen som vil ta over for Seljenes som byrjar å dra på åra.
– Eg er jo relativt sprek for alderen, men eg veit jo ikkje kor lenge det varer. Eg kan ikkje halde på i evig tid, seier ho.
Stortingspresident Masud Gharahkhani er stolt brukar av sin Eikerdrakt. Her frå stortingsbalkongen, 17. mai 2022.
Foto: Morten Brakestad / Morten Brakestad
Sårbar og utsett
Bunadsproblemet gjeld for fleire mindre stader i landet.
– Eg trur mange ikkje tenkjer så mykje på at bunaden deira kan stå i fare for å forsvinne.
Leiar i Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Camilla Rossing, kjenner igjen situasjonen i Eiker.
Opp av stakken trekkjer Rossing fram eit døme frå Iveland i Agder.
– Der var ein også redd for at den lokale bunaden ville døy ut.
BUNADSEKSPERT: Leiar i Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Camilla Rossing, fortel at det ikkje er første gong nokon har slite med å få inn ein erstattar i bunadsproduksjonen.
Foto: Laila DuránSlektningane til den siste tilverkaren av Ivelandsbunaden måtte reise land og strand rundt for å få råd frå fagpersonar om kva dei kunne gjere.
Heldigvis for ivdølane var det eit kompetent menneske som til slutt tok kontakt og tok over produksjonen.
Men tida som gjekk før erstattaren kom på plass, kan ha vore viktig tid som gjekk tapt.
– Tradisjonsoverføringa mellom ny og gammal tilverkar er utruleg verdifull. Det sikrar kvaliteten vidare, seier Rossing som avsluttar med følgjande hjartesukk:
– Bunaden er viktig for oss nordmenn, men vi tek han nokre gonger for gitt. Det er trist.
Bekymring og optimisme
I Stavanger blir det halde kurs i å lage den rekonstruerte rogalandsdrakta. Bunadnemnda starta arbeidet med den rekonstruerte kvinnebunaden allereie i 1980. Alt på frivillig basis.
Dei to hovudleiarane for kurset har passert 80 år, dei to andre er i 70-åra.
Målfrid Grimstvedt i Bunadsnemnda i Rogaland Ungdomslag og leiar av Norsk folkedraktforum.
Foto: Privat– Derfor er det viktig å rekruttere, seier kurshaldar og bunadstilverkar Målfrid Grimstvedt muntert.
Ho er blant dei «yngste» av kurshaldarane.
– Er du bekymra på bunadens vegner?
– Både-og. I vårt tilfelle er vi i gang med opplæring, vi har fått inn ein femte person. Og det er stor pågang på kursa våre, svarer Grimstvedt.
Ho er klar over at fleire bunader står i fare for å døy ut når rekrutteringa er som ho er.
– Det er bekymringsverdig, det er vanskeleg mange plassar, seier ho.
Det er rekonstruerte drakter frå 1700-talet dei lagar. Herredraktene er kopiar frå tidleg 1800-tal.
– Handsaum, tradisjonar og skikkeleg handverk, seier Grimstvedt som fryktar at dette kan forsvinne når produksjonen går føre seg utanlands.
– Tre av fire bunader blir sydde i Austen i dag. Og nei, eg er ikkje glad for det, slår ho fast.
Bunadsgjengen er kanskje ikkje i hopetall. Men interessa er heldigvis stigande, som her ved kurset i Stavanger.
Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRKKurshaldar Ragnhild Ødegaard jobbar iherdig med å vidareformidle viktig kunnskap.
Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRKBunadsbaluba.
Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRKKursdeltakarar i djup konsentrasjon.
Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRKKurshaldarar i finstasen. Frå venstre: Eli Olsen, Daghild Håvardsholm, Målfrid Grimstvedt og Ragnhild Ødegaard.
Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK– Bør bli sydd lokalt
Det same meiner Gunnhild Aasen (78) ved Stoffstugu i Numedal.
I 43 år har ho sydd bunader i ulike variantar frå øvre og nedre Numedal.
Ho kallar det livsverket sitt. Men ingen står klare for å ta over etter henne.
– Det er unikt det eg gjer. Eg blir provosert når nokon prøver å presse meg til å flytte produksjonen til Oslo. Lokale bunader bør helst bli sydde lokalt, seier Aasen som slett ikkje har tenkt å gi seg.
– Eg held på så lenge helsa held. Forfedrane mine vart over 100, ler ho.
Travle tider
Tilbake i Krokstadelva går symaskina og strykejernet i eitt hos Grethe Lysaker Seljenes.
Tida frå no og fram til 17. mai er den travlaste i året.
Viss ingen tek over etter Grethe Lysaker Seljenes, vil eit stasplagg for lokale og fråflytta eikerværingar vere tapt.
Foto: Eirik Leivestad Hall / NRKMen det blir nok ikkje mange fleire hektiske vårperiodar bak symaskina for bunadstilverkaren.
Sjølv uttrykkjer ho uro for at ingen tek over produksjonen av Eikerdrakta.
– Det er utruleg synd viss det skulle vise seg at ingen vil overta. Då vil jo ingen få bestilt dette plagget her lenger.
– Er det ingen av barna dine som kunne tenkt seg å overta då?
– Dei er på ingen måte interesserte i dette, i det heile, avsluttar Seljenes.
Dette er Eikerdrakta:
- Vart produsert for første gong i 1995.
- Designa og utforma av Per Røgeberg, for å gi eikerværingane mogelegheit til å ha ein meir lokal bunad enn Buskerudbunaden.
Kjenneteikn:
- Mønsteret med sikoriblomar på kvinnedrakta er unikt for Eikerdrakta.
- Herredrakta har eit eige raudt mønster midt på vesten.
Produksjon:
- Grethe Lysaker Seljenes er den einaste i Noreg som produserer drakta, frå start til slutt.
- Seljenes har produsert drygt 300 Eikerdrakter for hand sidan slutten av 90-talet.
Hei sann!
Har du spørsmål til saken du nettopp leste? Eller har du tips til noe annet jeg burde skrive om?
Send meg en mail, da vel!