Hopp til innhold

Ikkje få panikk dersom bunaden din er for trong

Er bunaden så stram at du ikkje får den på? Det verste du kan gjere er handle i panikk, seier styreleiar i Norges Husflidslag.

Julid Wachs ved Bunadverkstedet ved Romsdalsmuseet i Molde har måleband rundt halsen og held i ein bunad

Julid Wahchs er bunadtilverkar i Molde. Ho har ikkje tid til å hjelpe dei som desperat ber om hjelp til å sy om bunaden no.

Foto: Roar Strøm

Det er hektiske dagar ved bunadsverkstaden i Molde. Bunadar blir sydd inn og ut, og splitter nye bunader blir montert saman til 17. mai.

– Vi får mange desperate telefonar for tida frå folk som har prøvd bunaden sin litt for seint og funne ut at den ikkje passar, seier Anne-Mari Kleppe

Dei som ringer no får dessverre ikkje hjelp. Slik er det på systover rundt om i heile landet. Det er nemleg ikkje fort gjort å sy om ein bunad. Det kan ta mellom tre timar og ein heil arbeidsdag. Men berre få dagar til 17. mai, skal du vere heldig for å få hjelp.

– Folk burde ha prøvd bunadane sine rundt jul, smiler Kleppe.

Anne-Mari Kleppe og Julid Wahchs ved bunadsverkstedet på Romsdalsmuseet i Molde har mykje å gjere framfor symaskina.

Anne-Mari Kleppe og Julid Wahchs jobbar no for å få ferdig bunadane til konfirmantane.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vekta har gått opp

Ved Husfliden i Ålesund merkar dei også stor pågang av folk med for tronge bunadar.

– Vi får telefonar kvar dag av fortvilte folk, men vi har ikkje kapasitet før til hausten, seier dagleg leiar Ingunn Thorarinsdottir.

Ho merkar at etter koronaen har pågangen vore større enn vanleg.

– Det verkar som vi har mista litt kontrollen på vekta, seier Thorarinsdottir.

Ingunn Thorarinsdottir ved Husfliden i Ålesund viser stativ med bunadar som straks er ferdige.

Ingunn Thorarinsdottir ved Husfliden i Ålesund trur mange har lagt på seg etter koronapandemien.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Unngå panikk

Det aller viktigaste er å unngå panikk, seier styreleiar i Norges Husflidslag Barbro Tronhuus Storlien.

– Mange tenker at ein må gjere ein kvikkfiks, men då er det lett å øydelegge noko. Ikkje start å fikse dette på eiga hand dersom du ikkje har sydd bunad før, seier Storlien.

Ho har sjølv sett øydelagde bunader etter panikkhandlingar.

Det verste er folk som har sydd inn bunaden sjølv og klipt av overflødig stoff fordi det blei klumpete. Dei har for alltid øydelagt moglegheita til å sy den ut i framtida.

Andre har sydd ut bunaden, men får det ikkje til å sjå pent ut.

Barbro Tronhuus Storlien

Barbro Tronhuus Storlien er styreleiar i Norges Husflidslag.

Foto: PRIVAT

Les også I år leier Lejla bunad for første gang

Lejla Spahija utleie bunad

Dropp slankekur

Er slanking alternativet når systovene er fullbooka?

– Nei, det er litt av bunaden sin verdi at den kan følge deg heile livet. Det er bunaden som skal fylgje deg, ikkje du som skal fylgje bunaden. Du skal ikkje svelte deg inn i den, seier Storlien.

Hennar råd er bestille time til omsaum på ei systove eller bunadtilverkar slik at du har bunad til 17. mai neste år.

Har du planar om å gå ned i vekt er det viktig å gjere syarsken merksam på det.

Kva med 17. mai i år?

– Sjå heller om du har noko anna i skapet du kan ha på deg, seier Storlien.

Les også Flyr vekk fra 17. mai-feiringa – beskyldes for egoisme

Tanja Lund-Lyngmo gleder seg til å reise bort etter en lang vinter i nord. Men må tåle at enkelte mener det er galt å dra bort på 17.mai.