Hopp til innhold

Bjørndalens fyrste trenar: – Barnevernet hadde blitt kopla inn om det var i dag

SIMOSTRANDA (NRK): Einar Holm trente Ole Einar Bjørndalen frå han var 8 til han var 16 år. Treningsmetodane var ekstreme og ingen fylgde det strenge regime som han som til slutt blei skiskyttarkongen.

Arne Holm

LA OPP TIDLEG: Einar Holm var sjølv aktiv skiskyttar men måtte legge opp som 20-åring grunna luftvegsproblem. Da tok han heller over den neste generasjonen og var med på starten av karrieren til han som sportens aller største.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Det var ekstrem trening frå tidleg alder. Du blir ikkje god av å ete vaflar på bygda.

Einar Holm gliser. Han stikk hovudet ut frå Simostrandas einaste attverande arbeidsplass.

Simostranda stav og laft.

Såg fort at han kunne bli god

Det er ikkje mykje anna igjen i bygda enn skiskyttaranlegget der Ole Einar starta karrieren, saman med trenar Einar, og i dag avslutta han.

– Han var ein liten sprett som føyk rundt til alle kantar. Han var lettvinn og flaug så lett og det var derfor han kunne trene med dei eldre. Ein såg fort at han kunne bli god, seier Holm om åtteåringen han fyrst trente.

Ole Einar Bjørndalen i hette

PÅ SPORET: Ole Einar Bjørndalen i tenåra på startstreken i eit noregscuprenn.

Foto: Privat

Kommandotrening var viktig

Miljøet var stort på den tida og mange presterte godt nasjonalt, men den vesle og ivrige Ole Einar utmerka seg.

I brutale treningsformer for ti år gamle gutar.

– Det var mykje kommandotrening. Eg bestemte alt av det som skulle skje og dei måtte dei lyde. Løparen bestemmer ikkje når motbakken kjem i løypa. Det er det løypa som ligg der som gjer. Det må ein tole, fortel han og forklarer.

– Trudde dei at dei var ferdige med 15 armhevingar, så var det fem til. Og spensthopp etter det. Dei visste ikkje sjølv når dei var ferdige. Da blir ein hard i hovudet.

Du var ein streng trenar?

– Eg var streng da me trente, men elles hadde me mykje moro. Men var det trening klokka seks, så sprang me om dei andre ikkje hadde kome. Barnevernet hadde blitt kopla inn om det var i dag, seier Einar med eit flir.

Pressemøte med Ole Einar Bjørndalen på Simostranda.

HYLLA: Det var mange som ville takke Ole Einar på klubbhuset Eikvang i Simostranda. Her takkar Torgeir Kopland frå Simostranda IL den store klubbhelten.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sprang like fort som skulebussen

På Simostranda går det mange historier om dei enorme treningsmengdene. Rekordar som ingen har vore i nærleiken av sidan Bjørndalen var unggut.

Eller om skulebussen som han ikkje såg noko nytte av å ta sjølv.

– Han kasta sekken inn i bussen på skulen og sprang sjølv heimover. Da bussen stoppa ved garden hans var han framme på likt, og henta sekken i bussen, fortel Ståle Versland, ordførar i heimkommunen Modum.

Kanskje hadde han ikkje blitt den skiskyttarlegenda han har blitt om han ikkje hadde fylgd dei strenge instruksane til trenar Einar.

Ole Einar Bjørndalen trener som barn

VINNERHODE: Einar Holm fortel at dei begynte med mental trening alt i 10-årsalderen. Etter at han flytta frå Simostranda til Geilo som 16-åring, har dei heldt ein del kontakt og diskutert mykje mental trening.

Foto: Privat

– Han var den som fylgde det eg sa absolutt mest. Det er så enkelt som at den som fylgde det mest, blei best.

– Han er eit produkt av deg?

Einar dreg på det, men nikkar istemmande etter kvart.

– Han er eit produkt av veldig mange, men han fekk vel ein slags idrettsleg oppdraging frå meg.