To drepne i israelsk droneangrep i Libanon
Minst to personar blei drepne i Bekaadalen i Libanon då ei israelsk drone angreip bilen dei sat i. Det melder statlege libanesiske medier, ifølgje NTB.
Det israelske forsvaret (IDF) seier dei retta angrepet mot ein leiande medlem av Jamaa Islamiya, ei mindre sunnirørsle i Libanon, som nyleg har sagt dei vil støtte sjiamuslimske Hizbollah i kampen mot Israel.